Forskrift om sammenslåing av Fusa, Strandvik, Os og Hålandsdal kommuner, Hordaland.

DatoFOR-1963-04-26-8
PublisertI 1963 s 449 II 1963 s 194
Ikrafttredelse26.04.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forFusa, Strandvik, Os og Hålandsdal kommuner, Hordaland.
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammenslåing, Fusa m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 26. april 1963. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga blir fastsett:

1.Fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Hordaland fylke som vart vedtekne ved kgl.res. av 5. oktober 1962, blir gjennomførde frå 1. januar 1964:
1)Samanslåing av Fusa (unnateke Bogstrand), Hålandsdal og Strandvik kommunar til ein heradskommune.
2)Overføring av Bostrand frå Fusa til Os kommune.
2.Namnet på den nye felleskommunen blir fastsett til Fusa.
3.Kommunestyret i den nye Fusa kommune skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 29 medlemmer.

Valting skal haldast ved det ordinære kommunevalet den 23. september 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett blir det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet for den nye felleskommunen blir ført av lensmannen i Fusa. Manntalet for Bogstrand blir ført av lensmannen i Os. Valstyret gjer teneste som manntalsnemnd, jfr. femte leden.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret for den nye kommunen skal vera samansett av formannskalpsmedlemene i dei tre kommunane og av manntalsføraren, jfr. tredje leden. Det blir første gongen kalla saman av ordføraren i Fusa.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Bergen og Hordaland kallar det nyvalde kommunestyret i den nye Fusa kommune saman til konstituerande møte så snart som mogeleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta dei avgjerder som er turvande for å førebu og gjennomføra inndelingsendringane.
6.Budsjettet for den nye Fusa kommune for 1964 skal vedtakast av det nyvalde kommunestyret. For denne budsjettbehandlinga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Kommunestyra i den nye Fusa kommune og den utvida Os kommune får fullmakt til å fastsetja med kva for eit beløp innan ramma av skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt frå 1. januar 1964, jfr. § 7 i skattelov for landet med endringar i lov av 16. juni 1961 nr. 3.
8.Dei almenne vedtekter, føresegner, o.l. som nå gjeld i Fusa, Hålandsdal og Strandvik kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye Fusa kommune til sams vedtekter og føresegner er gjevne.
9.Kostnader i samband med gjennomføringa av inndelingsendringane skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader i samband med samanslåinga av Fusa, Hålandsdal og Strandvik skal forskotterast av Fusa kommune.
10.Denne resolusjonen tek til å gjelda straks.