Forskrift om sammenslåing av Vestnes og Tresfjord kommuner, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1963-05-15-2
PublisertI 1963 s 521 II 1963 s 249
Ikrafttredelse15.05.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forVestnes og Tresfjord kommuner, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammensl., Vestnes m.fl.

Fastsett ved kgl.res. 15. mai 1963. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

1.Med heimel i mellombels lov av 21.juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett av samanslåinga av Vestnes og Tresfjord heradskommunar i Møre og Romsdal fylke, som vart vedteke ved kgl.res. 21. september 1962, skal setjast i verk frå 1. januar 1964.
2.Namnet på den nye kommunen skal vera Vestnes.
3.Kommunestyret i den nye Vestnes kommune skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 33 medlemmer.

Valting vert halde måndag den 23. september 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett, vert ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet vert ført av lensmannen i Vestnes. Valstyret gjer teneste som manntalsnemnd.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stader i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samansett av formannskapsmedlemene i Vestnes og Tresfjord og manntalsføraren. Valstyret vert første gongen kalla saman av ordføraren i Vestnes.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar inn det nyvalte kommunestyret til konstituerande møte så snart som mogeleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organ skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta dei avgjerder som er nødvendige for å førebu og gjennomføre samanslåinga.
6.Budsjettet for den nye Vestnes kommune for 1964 skal vedtakast av det nyvalte kommunestyret. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i Vestnes og Tresfjord kommunar skal halda fram å gjelde for vedkomande område av den nye kommunen til nye vedtekter og føresegner er gjevne.
8.Kostnader i samband med gjennomføringa av denne endringa i kommuneinndelinga skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadane. Felleskostnader skal forskotterast av Vestnes kommune.
9.Denne resolusjon tek til å gjelde straks.