Forskrift om sammenslåing av Kornstad, Bremnes, Kvernes og Averøy kommuner, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1963-05-15-3
PublisertI 1963 522 II 1963 249
Ikrafttredelse15.05.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forKornstad, Bremsnes, Kvernes og Averøy kommuner, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammensl., Kornstad m.fl.

Fastsett ved kgl.res. 15. mai 1963. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Den tidlegare vedtekne (kgl.res. 18. januar 1963) samanslåinga av Kornstad kommune (med unnatak av Vevang krins), Bremsnes kommune (med unnatak av Bolga, Valen og Dale krinsar) og Kvernes kommune i Møre og Romsdal fylke vert gjennomførd frå 1. januar 1964.
2.Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Averøy.
3.Kommunestyret i den nye Averøy kommune skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 35 medlemer.

Valting skal haldast ved det ordinære kommunevalet den 23. september 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett vert ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet for den nye kommunen vert førd av lensmannen i Kvernes. Valstyret gjer teneste som manntalsnemnd.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret for den nye kommunen skal ved kommunevalet 1963 vera samansett av dei formannskapsmedlemene som bur innanfor den nye kommunen sine grenser og manntalsføraren. Valstyret blir første gongen kalla saman av ordføraren i Bremsnes.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar inn det nyvalde kommunestyret til konstituerande møte så snart som mogeleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organ skal før 1. januar 1964 ha rett til å taka dei avgjerder som er turvande for å førebu og gjennomføre inndelingsendringane.
6.Budsjettet for den nye Averøy kommune for 1964 skal vedtakast av det nyvalde kommunestyre. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje fristane i kommunelova.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i Kornstad, Bremsnes og Kvernes kommunar skal halda fram å gjelde for vedkomande område av den nye Averøy kommune til felles vedtekter og føresegner er gjevne.
8.Kostnader i samband med gjennomføring av ovannemnde inndelingsendringar vert å dekkje av den av kommunane som har hatt kostnadene. Felleskostnader skal forskotterast av Bremsnes kommune.
9.Denne resolusjonen tek til å gjelde straks.