Forskrift om sammenslåing av Vanylven, Syvde og Rovde kommuner, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1963-05-15-4
PublisertI 1963 s 523 II 1963 s 249
Ikrafttredelse15.05.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forVanylven, Syvde og Rovde kommuner, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammensl., Vanylven m.fl.

Fastsett ved kgl.res. 15. mai 1963. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov frå 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Samanslåinga av Vanylven og Syvde kommunar og Rovdestrand av Rovde kommune, alt i Møre og Romsdal fylke, til ein heradskommune som vart vedteken ved kgl.res. 25. januar 1963, vert gjennomførd frå 1. januar 1964.
2.Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Vanylven.
3.Kommunestyret i den nye Vanylven kommune skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 29 medlemer. Det vert valt ved det ordinære kommunevalet hausten 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet vert som tidlegare ført av lensmannen i Vanlylven, av ordføraren i Syvde og av ordføraren i Rovde, kvar for sitt distrikt. Valstyret gjer teneste som manntalsnemnd.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samansett av formannskapsmedlemene som bur på området til den nye kommunen, og manntalsførarane. Valstyret vert første gongen kalla saman av ordføraren i Vanylven.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt de høver.

4.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar inn det nyvalte kommunestyret til konstituerande møte så snart som mogeleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 ha rett til ta dei avgjerder som er naudsynlege for å førebu og gjennomføra samanslåinga.
6.Budsjettet for den nye kommunen for 1964 skal det nyvalte kommunestyret vedta. For denne budsjettehandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.
7.Dei almenne vedtekter og føresegner som gjeld i Vanylven, Syvde og Rovde kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye kommunen til nye allmenne vedtekter og føresegner er gjevne.
8.Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga skal den kommunen som har hatt kostnadene, greia ut. Felleskostnader skal Vanylven kommune forskottera.
9.Denne resolusjon tek til å gjelda straks.