Forskrift om sammenslåing av Sande, Rovde og Herøy kommuner, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1963-05-15-5
PublisertI 1963 s 524 II 1963 s 249
Ikrafttredelse15.05.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forSande, Rovde og Herøy kommuner, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammenslåing, Sande m.fl.

Fastsett ved kgl.res. 15. mai 1963. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov frå 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Samanslåinga av Sande kommune og Skredestranda av Rovde kommune i Møre og Romsdal fylke til ein heradskommune og overføringa til denne eininga av gardane Brekke (gnr. 65, bnr. 1-4), Seljeset (gnr. 66, bnr. 1 og 3-6) og Skoge (gnr. 68, bnr. 1-6) frå Herøy kommune i same fylke, alt vedteke ved kgl.res. 25. januar 1963, vert gjennomførd frå 1. januar 1964.
2.Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Sande.
3.Kommunestyret i den nye Sande kommune skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 33 medlemmer. Det vert valt ved det ordinære kommunevalet hausten 1963. Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om inndelingsendringa alt er gjennomførd.

Manntalet vert som tidlegare ført av orføraren i Sande, ordføraren i Rovde og lensmannen i Herøy, kvar for sitt distrikt. Valstyret gjer teneste som manntalsnemnd.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samanset av dei formannskapsmedlemmene som bur på området til den nye kommunen, og manntalsførarane. Valstyret vert første gongen kalla saman av ordføraren i Sande.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar inn det nyvalte kommunestyret til konstituerande møte så snart som mogeleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta dei avgjerder som er naudsynlege for å førebu og gjennomføra samanslåinga.
6.Budsjettet for den nye kommunen for 1964 skal det nyvalte kommunestyret vedta. For denne budsjetthandsaming gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.
7.Dei almenne vedtekter og føresegner som gjeld i Sande, Rovde og Herøy kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye kommunen til nye allmenne vedtekter og føresegner vert gjevne.
8.Kostnader i samband med gjennomføring av inndelingsendringa, skal den kommunen som har hatt kostnadene, greia ut. Felleskostnader skal Sande kommune forskottera.
9.Denne resolusjonen tek til å gjelda straks.