Forskrift om sammenslåing av Eresfjord, Vistdal og Nesset kommuner, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1963-05-15-6
PublisertI 1963 s 525 II 1963 s 249
Ikrafttredelse15.05.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forEresfjord, Vistdal og Nesset kommuner, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammenslåing, Eresfjord

Fastsett ved kgl.res 15. mai 1963. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Samanslåinga av Eresfjord og Vistdal og Nesset kommunar i Møre og Romsdal fylke, som vart vedteke ved kgl.res. 25. januar 1963, vert gjennomførd frå 1. januar 1964
2.Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Nesset.
3.Kommunestyret i den nye Nesset kommune skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 27 medlmer.

Valting skal haldast ved det ordinære kommunevalet den 23. september 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett vert ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet for den nye kommunen vert førd av lensmannen i Nesset. Valstyret gjer teneste som manntalsnemnd.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret for den nye kommunen skal ved kommunevalet i 1963 vera samansett av formannskapsmedlemene i Eresfjord og Vistdal og Messet og av manntalsføraren. Valstyret blir første gongen kalla saman av ordføraren i Nesset.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei passer.

4.Fylkesmannen i Møre og Romskal kallar inn det nyvalde kommunestyret til konstituerande møte så snart som mogeleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organ skal før 1. januar 1964 ha rett til å taka dei avgjerder som er turvande for å førebu og gjennomføra kommunesamanslåinga.
6.Budsjettet for felleskommunen for 1964 skal vedtakast av det nyvalde kommunestyret. For denne budsjetthandsamninga gjeld ikkje fristane i kommunelova.
7.Det nyvalde kommunestyre får fullmakt til å avgjere med kva for sum det innanfor ramma av skattelova skal skrivast ut eigedomsskatt i den nye kommunen frå 1. januar 1964 utan omsyn til føresegnene i lova om at eigedomsskatt til heradskommunane ikkje for noko år kan setjast ned eller opp med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.
8.Dei almenne vedtekter og føresegner som gjeld i Eresfjord og Vistdal og Nesset kommunar skal halde fram å gjelda for vedkomande område av den nye kommunen til felles vedtekter og føresegner er gjevne.
9.Kostnader i samband med gjennomføringa av kommunesamanslåinga vert å dekkje av den av kommunane som har hatt kostnadene. Felleskostnader skal forskotterast av Nesset kommune.
10.Denne resolusjonen tek til å gjelda straks.