Forskrift om sammenslutning av Sør-Vågsøy, Nord-Vågsøy, Selje og Davik kommuner, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1963-05-31-4
PublisertI 1963 s 576 II 1963 s 278
Ikrafttredelse31.05.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forSør-Vågsøy, Nord-Vågsøy, Selje og Davik kommuner, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om kommunesammensl., Sør-Vågsøy m.fl.

Fastsett ved kgl.res. 31. mai 1963. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsatt:

1.Samanslåinga av kommunane Sør-Vågsøy og Nord-Vågsøy i Sogn og Fjordane fylke til ein heradskommune med tillegg av øya Silda, Hagevik-Osmundvågområdet og Sørpoll frå Selje kommune, øyane Husevågøy, Grindøy, Gansøy og Risøy frå Davik kommune og den delen av Davik som ligg på nordsida av Nordfjorden austover til Levdal i same fylke - vedteke ved kgl.res. den 1. februar 1963 - vert gjennomført frå 1. januar 1964.
2.Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Vågsøy.
3.Kommunestyret i den nye Vågsøy kommune skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 37 medlemmer.

Valting skal haldast i samband med det ordinære kommunevalet hausten 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, røystegjeving føreåt og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet for den nye kommunen vert ført av lensmennene i Vågsøy, Selje og Davik, kvar for sitt distrikt. Valstyret gjer teneste som manntallsnemnd, jfr. femte leden.

Utlegging av manntallet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samansett av dei formannskapsmedlemene som bur på den nye kommunen sitt område og manntallsførarane, jfr. tredje leden. Det vert første gongen kalla saman av ordføraren i Sør-Vågsøy.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kallar det nyvalde kommunestyret inn til konstituerande møte så snart som mogeleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføre samanslåing, nytta mynde som ligg til dei tilsvarande fungerande organ i Sør-Vågsøy, Nord-Vågsøy, Selje og Davik kommunar.
6.Budsjettet for den nye kommunen for 1964 skal vedtakast av det nyvalde kommunestyret, jfr. punkt 3 og 5. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Kommunestyret i den nye kommunen får fullmakt til å avgjere med kva for sum innan ramma av skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt i den nye kommunen frå 1. januar 1964 utan omsyn til føresegna i skattelova om at eigedomsskatt til hereda ikkje for noko år kan setjast ned eller høgjast med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.
8.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i Sør-Vågsøy, Nord-Vågsøy, Selje og Davik kommunar skal halda fram å gjelde for vedkomande område i den nye Vågsøy kommune til nye felles vedtekter og føresegner er gjevne.
9.Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader skal forskotterast av Sør-Vågsøy kommune.
10.Denne resolusjon tek til å gjelda straks.