Forskrift om sammenslutning av Kornstad og Eide kommuner, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1963-05-31-5
PublisertI 1963 s 578 II 1963 s 279
Ikrafttredelse31.05.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forKornstad og Eide kommuner, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammensl., Kornstad m.fl.

Fastsett ved kgl.res. 31. mai 1963. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjonen av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Den tidlegare vedtekne (kgl.res. 18. januar 1963) overføringa av Vevang krins av Kornstad kommune i Møre og Romsdal fylke til Eide kommune i same fylke vert sett i verk 1. januar 1964.
2.Kommunen sitt namn skal framleis vera Eide.
3.Kommunestyret i den utvida Eide kommune skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 21 medlemer.

Valting vert halde ved det ordinære kommunevalet i 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om inndelingsendringa alt er gjennomførd.

Manntalet vert ført av lensmannen i Kvernes. Valstyret gjer teneste som manntallsnemnd.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stader som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samansett av dei formannskapsmedlemene som no bur innanfor den nye kommunen sine grenser og manntalsføraren. Valstyret vert første gongen kalla saman av ordføraren i Eide. Elles gjeld føresengene i kommunevallova så langt de høver.

4.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar inn det nyvalte kommunestyre til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Det nyvalte kommunestyre og formannskap skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta dei avgjerder som er nødvendige for å førebu og gjennomføre inndelingsendringa.
6.Budsjettet for den nye Eide kommune for 1964 skal vedtakast av det nyvalte kommunestyre. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Kostnader i samband med gjennomføringa av inndelingsendringa skal dekkjast av Eide kommune.
8Denne resolusjon tek til å gjelda straks.