Forskrift om sammenslutning av Ulstein og Herøy kommuner, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1963-05-31-6
PublisertI 1963 s 579 II 1963 s 279
Ikrafttredelse31.05.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forUlstein og Herøy kommuner, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammensl., Ulstein m.fl.

Fastsett ved kgl.res. 31. mai 1963. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov frå 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Ulstein kommune i Møre og Romsdal fylke som etter kgl.res. 26. april 1963 med verknad frå 1. januar 1964 vert utvida med Eiksund krins og øya Eika av Herøy kommune i same fylke, skal også etter utvidinga ha namnet Ulstein.
2.Kommunestyret i den utvida Ulstein kommune skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 25 medlemmer.

Det vert valt ved det ordinære kommunevalet høsten 1963. Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om inndelingsendringa alt er gjennomførd.

Manntalet vert for Eiksund krins og øya Eika ført av lensmannen i Herøy medan manntalet i kommunen elles vert ført av lensmannen i Ulstein.

Valstyret skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur på området til den utvida kommunen, og manntalsførarane.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

3.Dei nyvalde kommunale organa skal alt før 1. januar 1964 ha rett til å ta avgjerder i saker som gjeld den utvida Ulstein kommune.
4.Kostnader i samand med gjennomføringa av inndelingsendringa, skal den kommunen som har hatt utgiftene, greia ut.
5.Denne resolusjon tek til å gjelda straks.