Forskrift om sammenslåing av Tingvoll, Straumsnes og Frei kommuner, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1963-05-31-8
PublisertI 1963 s 579 II 1963 s 279
Ikrafttredelse31.05.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forTingvoll, Straumsnes og Frei kommuner, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammensl., Tingvoll m.fl.

Fastsett ved kgl.res. 31. mai 1963. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartmentet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Den tidlegare vedtekne (kgl.res. 5. april 1963) samanslåinga av Tingvoll og Straumsnes kommunar i Møre og Romsdal fylke - og overføringa av Frei kommune sin del av Aspøya til denne eininga - vert gjennomførd frå 1. januar 1964.
2.Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Tingvoll.
3.Kommunestyret i den nye Tingvoll kommune skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 29 medlemmer.

Valting vert halde ved det ordinære kommunevalet den 23. september 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om inndelingesendringa alt er gjennomførd.

Manntalet for den nye kommunen vert ved valet i 1963 å føre av lensmannen i Tingvoll. Valstyret gjer teneste som manntalsnemnd.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadenen i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret ved kommunevalet i 1963 skal vera samansett av dei formannskapsmedlemen som bur innanfor den nye kommunen sine grenser og manntalsføraren. Valstyret vert første gongen kalla saman av ordføraren i Tingvoll.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar inn det nyvalde kommunestyre til konstituerande møte så snart som mogelg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organ skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta dei avgjerder som er turvande for å førebu og gjennomføre inndelingsendringa.
6.Budsjettet for den nye Tingvoll kommune for 1964 skal vedtakast av det nyvalde kommunestyret. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje fristane i kommunelova.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som no gjeld i dei einskilde kommunane, skal halda fram å gjelde for vedkomande område av den nye kommunen til felles vedtekter og førsegner er gjevne.
8.Den nye Tingvoll kommune skal heilt ut høyre under Nordmøre domssokn.
9.Kostnader i samband med gjennomføringa av den nemnde inndelingsendringa vert å dekkje av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader skal forskotterast av den noverande Tingvoll kommune.
10.Denne resolusjon tek til å gjelde straks.