Forskrift om sammenslutning av Fitjar og Austevoll kommuner, Hordaland.

DatoFOR-1963-06-06-2
PublisertI 1963 s 606 II 1963 s 295
Ikrafttredelse06.06.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forFitjar og Austevoll kommuner, Hordaland
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammensl., Fitjar m.fl.

Fastsett ved kgl.res. 6. juni 1963. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Den ved kgl.res. av 21. april 1963 vedtekne overføringa av dei områda som Fitjar kommune i Hordaland fylke har på Huftarøy og Selbjørnøy til Austevoll kommune i same fylke, vert gjennomførd frå 1. januar 1964.
2.Kommunen sitt namn skal framleis vera Austevoll.
3.Kommunestyret i den utvida Austevoll kommune skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 27 medlemer.

Valting vert halde ved det ordinære kommunevalet den 23. september 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett vert det ved dette valet rekna som om grensereguleringa alt er gjennomførd.

Manntalet ved dette valet vert å føre av lensmannen i Fitjar og lensmannen i Sund og Austevoll, kvar for sin del av den nye Austevoll kommune. Valstyret gjer teneste som manntalsnemnd.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stader som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samansett av dei formannskapsmedlemer som bur innanfor dei nye kommunegrensene og manntalsførarene. Valstyret vert kalla saman til første møtet av ordføraren i Austevoll.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Bergen og Hordaland kallar det nyvalte kommunestyre saman til konstituerande møte så snart som mogeleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Det nyvalte kommunestyre og formannskap skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta avgjerder som er nødvendige for å førebu og gjennomføre inndelingsendringa.
6.Budsjettet for den nye Austevoll kommune for 1964 skal vedtakast av det nyvalte kommunestyre. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Kommunestyret i den nye Austevoll kommune får fullmakt til å avgjera etter kva sats det skal skrivast ut eigedomsskatt i 1964 utan omsyn til føresegna i landsskattelova om at eigedomsskatten til heradskommunane ikkje for noko år kan setjast ned eller opp med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.
8.Kostnader i samband med gjennomføring av denne endringa i kommuneinndelinga skal dekkjast av Austevoll kommune.
9.Denne resolusjon tek til å gjelde straks.