Forskrift om sammenslutning av Gloppen, Breim og Jølster kommuner, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1963-06-06-4
PublisertI 1963 s 610 II 1963 s 296
Ikrafttredelse06.06.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forGloppen, Breim og Jølster kommuner, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammensl., Gloppen m.fl.

Fastsett ved kgl.res. 6. juni 1963. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga blir fastsett:

1.Fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Sogn og Fjordana fylke som vart vedtekne ved kgl.res. av 14. desember 1962, blir gjennomførde frå 1. januar 1964.
1)Samanslåinga av kommunane Gloppen og Breim (unnateke Førde krins) til ein heradskommune.
2)Overføring av Førde krins frå Breim til Jøster kommune.
2.Namnet på den nye kommunen blir fastsett til Gloppen.
3.Kommunestyret i den nye Gloppen kommune skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 33 medlemer.

Valting skal haldast måndag den 23. september 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett, blir ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet for den nye kommunen blir ført av lensmannen i Gloppen og Breim. Manntalet for Førde krins blir ført av lensmannen i Jølster. Valgstyret gjer teneste som manntalsnemnd, jfr. femte leden.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret for den nye kommunen skal vera samansett av dei formannskapsmedlemer i Gloppen og Breim som er busett på den nye kommunen sitt område og manntalsføraren, jfr. tredje leden. Det blir første gongen kalla saman av ordføraren i Gloppen.

Det medlem av Breim formannskap som er busett i Førde krins skal vera med i valstyret i Jølster ved kommunevalet 1963.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kallar det nyvalde kommunestyret for felleskommunen saman til konstituerande møte så snart som mogelg etter valet, jfr. § 7 i kommunevallova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta dei avgjerder som er turvande for å førebu og gjennomføra inndelingsendringane.
6.Budsjettet for den nye kommunen for 1964 skal vedtakast av det nyvalde kommunestyret. For denne busjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Kommunestyret i den nye kommunen får fullmakt til å fastsetja med kva for eit beløp innan ramma av skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt frå 1. januar 1964, jfr. § 7 i skattelov for landet med endringar i lov av 16. juni 1961 nr. 3.
8.Dei almenne vedtekter, føresegner o.l. som nå gjeld i Gloppen og Breim kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye felleskommunen til sams vedtekter og føresegner er gjevne.
9.Kostnader i samband med gjennomføringa av inndelingsendringane skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader i samband med samanslåinga av Gloppen og Breim skal forskotterast av Gloppen kommune.
10.Denne resolusjon tek til å gjelde straks.