Forskrift om sammenslåing av Kyrkjebø, Lavik, Vik og Høyanger kommuner, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1963-06-14-5
PublisertI 1963 s 719 II 1963 s 313
Ikrafttredelse14.06.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forKyrkjebø, Lavik, Vik og Høyanger kommuner, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammensl., Kyrkjebø m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 14. juni 1963. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.

Samanslåinga av kommunane Kyrkjebø og Lavik med tillegg av garden Nybø, gnr. 75, bnr. 4 og 5, og bruket Nygjerdet, gnr. 75, bnr. 6, frå Vik kommune i Sogn og Fjordane fylke - vedteke ved kgl.res. den 1. desember 1961 - vert gjennomførd frå 1. januar 1964.

2.

Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Høyanger.

3.

Kommunestyret i den nye Høyanger kommune skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 35 medlemer.

Valting skal haldast i samband med det ordinære kommunevalet hausten 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, røystegjeving føreåt og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet for den nye kommunen vert ført av lensmennene i Lavik og Kyrkjebø, kvar for sitt distrikt. Lensmannen i Kyrkjebø fører også manntalet for garden Nybø, gnr. 75, bnr. 4 og 5, og bruket Nygjerdet, gnr. 75, bnr. 6, i Vik kommune. Valstyret gjer teneste som manntalsnemnd, jfr. femte leden.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vere samansett av dei formannskapsmedlemene som bur på den nye kommunen sitt område og manntalsførarane, jfr. tredje leden. Det vert første gongen kalla saman av ordføraren i Kyrkjebø.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kallar det nyvalde kommunestyret inn til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.

5.

Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføre samanslåinga, nytte mynde som ligg til dei tilsvarande fungerande organ i Kyrkjebø og Lavik kommunar.

6.Budsjettet for den nye kommunen for 1964 skal vedtakast av det nyvalde kommunestyret, jfr. punkt 3 og 5. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsett i kommunelova.
7.

Kommunestyret i den nye kommunen får fullmakt til å avgjere med kva for sum innan ramma av skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt i den nye kommunen frå 1. januar 1964, utan omsyn til føresegna i skattelova om at eigedomsskatt til herada ikkje for noko år kan setjast ned eller høgjast med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.

8.

Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i Kyrkjebø og Lavik kommunar, skal halde fram å gjelde for vedkomande område i den nye Høyanger kommune til nye felles vedtekter og føresegner er gjevne.

9.

Ytre Sogn domssokn vert frå 1. januar 1964 delt i fylgjande to loddtrekkingskrinsar:

1.Kommunane Høyanger (Kyrkjebø - Lavik), Vik, Balestrand og Leikanger.
2.Kommunane Gulen (Brekke - Gulen), Hyllestad og Solund.
10.

Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader skal forskotterast av Kyrkjebø kommune.

11.

Denne resolusjon tek til å gjelde straks.