Forskrift om samanslåing av Bjelland, Laudal, Øyslebø, Finsland og Søgne kommuner, Vest-Agder.

DatoFOR-1963-06-21-10
PublisertI 1963 s 779 II 1963 s 391
Ikrafttredelse21.06.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forBjelland, Laudal, Øyslebø, Finsland og Søgne kommuner, Vest-Agder
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesamansl., Bjelland m.fl.

Fastsett ved kgl.res. av 21. juni 1963. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Vest-Agder fylke - vedtekne ved kgl.res. av 29. mars 1963 - vert gjennomførde frå 1. januar 1964:
a.Samanslåing av kommunane Bjelland (unnateke krinsane Ågedal og Midtbø), Laudal og Øyslebø (unnateke Brunvatne krins) til ein heradskommune og overføring til denne eininga av fylgjande eigedomar i Finsland kommune: Manflå, gnr. 34 bnr. 1, 2, 3, 4 og 5. Rækevik, gnr. 35 bnr. 5, Foldal, gnr. 36 bnr. 1, Haugedal, gnr. 39 bnr. 1, Solkro, gnr. 40 bnr. 1, Skålenes, gnr. 41 bnr. 1, Kleveland nedre, gnr. 43 bnr. 1, 2, 3 og 4 og Kimestad, gnr. 44 bnr. 1.
b.Overføring av Brunvatne krins i Øyslebø til Søgne kommune.
2.Kommunestyret i den nye kommunen, jfr. punkt 1 a, skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 21 medlemer.

Valting skal haldast i samband med det ordinære kommunevalet hausten 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet for den nye kommunen og for Brunvatne krins i Øyslebø skal ved valet 1963 førast av dei som var manntalsførarar ved det siste kommunevalet, kvar for sitt område - eller av dei som vert oppnemnde av det einskilde formannskapet med samtykke frå fylkesmannen, jfr. § 2 i kommunevallova. Valstyret vel manntalsnemnd, jfr. § 4, andre leden, i kommunevallova.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret for den nye kommunen skal vere samansett av dei formannskapsmedlemene som bur på den nye kommunen sitt område og manntalsførarane, jfr. tredje leden. Det vert første gongen kalla saman av ordføraren i Øyslebø.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

3.Fylkesmannen i Vest-Agder kallar det nyvalde kommunestyret i den nye kommunen saman til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
4.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføre samanslåinga, nytte mynde som ligg til dei tilsvarande fungerande organ i Bjelland, Øyslebø, Laudal og Finsland kommunar.
5.Budsjettet for den nye kommunen for 1964 skal vedtakast av det nyvalde kommunestyret. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
6.Dei allmenne vedtekter, føresegner o.l. som gjeld i Bjelland, Øyslebø, Laudal og Finsland kommunar skal halde fram å gjelde for vedkomande område av den nye kommunen til nye felles vedtekter og føresegner er gjevne.
7.Kostnader i samband med gjennomføringa av inndelingsendringane skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader i samband med etableringa av den nye kommunen skal forskotterast av Øyslebø kommune.
8.Denne resolusjonen tek til å gjelde straks.