Forskrift om samanslåing av Modalen, Haus, Bruvik, Hordabø, Manger, Sæbø, Lindås, Austrheim, Herdla, Alversund, Hamre og Hosanger kommuner, Hordaland.

DatoFOR-1963-06-21-11
PublisertI 1963 s 780 II 1963 s 391
Ikrafttredelse21.06.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forModalen, Haus, Bruvik, Hordabø, Manger, Sæbø, Lindås,
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesamansl., Modalen m.fl.

Fastsett ved kgl.res. av 21. juni 1963. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Frå 1. januar 1964 vert sett i kraft desse tidlegare vedtekne (kgl.res. 7. september 1962) endringane i kommuneinndelinga i Hordaland fylke:
a)samanslåinga til ein heradskommune av Hordabø, Manger og Sæbø kommunar (med unnatak Titland krins i Sæbø), Sletta krins av Lindås kommune, Straume krins med Fesøy av Austrheim kommune og Bognøy av Herdla kommune.
b)samanslåinga til ein heradskommune av Alversund kommune, Lindås kommune (med unnatak av Sletta krins og gardane Einestrand, Eikebotn og Kikallen), Hamre og Hosanger kommunar sine område nord for Osterfjorden, Titland krins av Sæbø kommune og eigedomane under gnr. 70 Nipo, gnr. 71 Dyrkolbotn og gnr. 72. Eitrdalen av Modalen kommune.
c)samanslåinga til ein heradskommune av Hamre, Hosanger og Haus kommunar sine område på Osterøya og den delen av Bruvik kommune på Osterøya som ligg sør for Hesjedal krins.
d)overføringa av eigedomane under gnr. 1 Einestrand, gnr. 2 Eikebotn og gnr. 3 Kikallen av Lindås kommune til Masfjorden kommune.
2.Kommunestyret i den nye kommunen på Radøy skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 29 medlemer, i den nye kommunen på Lindåshalvøya 41 medlemer og i den nye kommunen på Osterøya 35 medlemer.

Val på kommunestyre etter dei nye kommunegrensene vert halde ved det ordinære kommunevalet den 23. september 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om inndelingsendringane alt er gjennomførde.

Manntalet i dei nye kommunane ved kommunevalet 1963 vert førd av dei som var manntalsførarar ved det siste kommuneval, kvar for sin del av dei nye kommunane - eller av dei som det einskilde formannskap med fylkesmannen sitt samtykke oppnemner. For den utvida Masfjorden kommune vert manntalet ført av lensmannen i Masfjorden. Manntalsnemnder i dei nye kommunane vert valde av valstyra, jfr. § 4 i kommunevallova.

Utlegging av manntala etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stader i dei nye kommunane som valstyra fastset.

Valstyra i dei nye kommunane skal vera samansett av dei formannskapsmedlemer som bur innanfor dei nye kommunane sine grenser og manntalsførarane. I den nye kommunen på Radøy vert valstyret kalla saman til første møtet av ordføraren i Manger, på Lindåshalvøya av ordføraren i Lindås og på Osterøya av ordføraren i Hamre.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

3.Fylkesmannen i Bergen og Hordaland kallar inn dei nyvalde kommunestyra i på Radøy, Lindåshalvøya og Osterøya til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
4.Dei nyvalde kommunestyra og formannskap skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta de avgjerder som er nødvendige for å førebu og setje i verk inndelingsendringane.
5.Budsjetta for dei nye kommunane for 1964 skal vedtakast av dei nyvalde kommunestyra. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
6.Dei allmenne vedtekter og føresegner som no gjeld i i dei einskilde kommunane, skal halde fram å gjelde for vedkomande område av dei nye kommunane til felles vedtekter og føresegner kan verta sett i kraft.
7.Kommunestyra i dei nye kommunane på Radøy, Lindåshalvøya og Osterøya og i den utvida Masfjorden kommune får fullmakt til å fastsetje med kva for sats det innanfor ramma av skattelova skal skrivast ut matrikkelskatt i 1964, jfr. § 7 i landsskattelova med endringar i lov av 16. juni 1961 nr. 3.
8.Kostnader i samband med gjennomføringa av desse inndelingsendringane skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader vert å forskottere av Manger kommune for den nye kommunen på Radøy, av Lindås kommune for den nye kommunen på Lindåshalvøya og av Hamre kommune for den nye kommunen på Osterøya.
9.Denne resolusjonen tek til å gjelde straks.