Forskrift om samanslåing av Askvoll, Bru, Florø, Kinn, Eikefjord, Vevring og Bremanger kommuner, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1963-06-21-12
PublisertI 1963 s 782 II 1963 s 391
Ikrafttredelse21.06.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forAskvoll, Bru, Florø, Kinn, Eikefjord, Vevring og Bremanger kommuner, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammensl., Askvoll m.fl.

Fastsett ved kgl.res. av 21. juni 1963. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Sogn og Fjordane fylke - vedtekne ved kgl.res. av 7. desember 1962, jfr. stortingsvedtak av 27. mars 1963, vert gjennomførde frå 1. januar 1964:
a)Overføring til Askvoll heradskommune av den delen av Bru heradskommune som ligg på sørsida av Førdefjorden.
b)Samanslåing av Florø bykommune, Kinn og Eikefjord heradskommunar og resten av Bru kommune til ein kommune og overføring av Steindal krins i Vevring kommune og eigedomane Husefest og Breivik i Bremanger kommune til denne eininga. Den nye kommunen skal ha status som by.
2.Kommunestyret i den nye kommunen, jfr. punkt 1 b, skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 45 medlemer.

Valting skal haldast i samband med det ordinære kommunevalet hausten 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet for den nye kommunen og for Bru sørsida skal ved valet 1963 førast av dei som var manntalsførare ved det siste kommunevalet, kvar for sitt område - eller av dei som vert oppnemnde av det einskilde formannskap (eventuelt med samtykke frå fylkesmannen) jfr. § 2 i kommunevallova. Valstyret vel manntalsnemnd, jfr. § 4, andre leden, i kommunevallova.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret for den nye kommunen skal vere samansett av dei formannskapsmedlemene som bur på den nye kommunen sitt område og manntalsførarane, jfr. tredje leden. Det vert første gongen kalla saman av ordføraren i Florø.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

3.Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kallar det nyvalde kommunestyre i den nye kommunen saman til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
4.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføre samanslåinga, nytte mynde som ligg til dei tilsvarande fungerande organ i Florø, Kinn, Bru, Eikefjord, Bremanger og Vevring kommunar.
5.Budsjettet for den nye kommunen for 1964 skal vedtakast av det nyvalde kommunestyret. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
6.Kommunestyret i den utvida Askvoll kommune får fullmakt til å fastsetje med kva for eit beløp innan ramma av skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt i den utvida kommunen frå 1. januar 1964 utan omsyn til føresegna i skattelova om at eigedomsskatt til herada ikkje for noko år kan setjast ned eller høgdast med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.
7.Dei allmenne vedtekter, føresegner o.l. som gjeld i Florø, Kinn, Bru, Eikefjord, Bremanger og Vevring kommunar skal halde fram å gjelde for vedkomande område av den nye kommunen til nye felles vedtekter og føresegner er gjevne.
8.Kostnader i samband med gjennomføringa av inndelingsendringane skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader i samband med etableringa av den nye kommunen skal forskotterast av Florø kommune.
9.Denne resolusjonen tek til å gjelde straks.