Forskrift om samanslåing av Leikanger, Sogndal, Balestrand, Askvoll, Vevring og Vik kommuner, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1963-06-21-14
PublisertI 1963 s 785 II 1963 s 392
Ikrafttredelse21.06.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forLeikanger, Sogndal, Balestrand, Askvoll, Vevring og Vik kommuner, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om kommunesammensl., Leikanger m.fl.

Fastsett ved kgl.res. av 21. juni 1963. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Sogn og Fjordane fylke - vedtekne ved kgl.res. av 5. april 1963 - vert gjennomførde frå 1. januar 1964:
1.Overføring av Tingastad almenning, gnr. 32 bnr. 1 og 2, i Leikanger kommune til Sogndal kommune.
2.Overføring av Hella-Eitornområdet, gnr. 38 bnr. 1, gnr. 39 bnr. 1 og 2, gnr. 40 bnr. 1 og 2, gnr. 41 bnr. 1-3, gnr. 42 bnr. 1-4, i Balestrand kommune til Leikanger kommune.
3.Overføring av Kvamsøy sokn i Vik kommune til Balestrand kommune.
4.Overføring av Vangsnes sokn i Balestrand kommune til Vik kommune.
2.Sogndal, Leikanger, Balestrand og Vik kommunar skal etter endringane ha dei same namna som før.
3.Kommunestyra i dei endra Balestrand og Vik kommunar, skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 begge ha 21 medlemer.

Valting skal for dei endra kommunane haldast i samband med det ordinære kommunevalet hausten 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om inndelingsendringane alt er gjennomførde.

Manntalet for dei endra kommunane skal ved valet 1963 førast av dei som var manntalsførarar ved det siste kommunevalet, kvar for sitt område - eller av dei som vert oppnemnde av det einskilde formannskapet med samtykke frå fylkesmannen, jfr. § 2 i kommunevallova. Valstyret i kvar av dei endra kommunane vel manntalsnemnd, jfr. § 4, 2. leden, i kommunevallova.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i dei endra kommunane som valstyret i vedkomande kommune fastset.

Valstyret for kvar av dei endra kommunane skal vere samansett av dei formannskapsmedlemene som bur på den endra kommunen sitt område og manntalsførarane, jfr. tredje leden. Det vert første gongen kalla saman av ordføraren.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kallar dei nyvalde kommunestyra i dei endra Balestrand og Vik kommunar saman til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa i dei endra kommunar skal før 1. januar 1964 så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføre endringane nytte mynde som ligg til dei tilsvarande fungerande organ i dei kommunar endringane gjeld.
6.Budsjettet for dei endra Balestrand og Vik kommunar for 1964 skal vedtakast av dei nyvalde kommunestyra. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Kostnader i samband med gjennomføringa av inndelingsendringane skal for kvart einskild område dekkjast av den kommunen som området vert overført til.
8.Denne resolusjonen tek til å gjelde straks.