Forskrift om gjennomføring av samanslåinga av Voll, Grytten, Hen, Eid og Veøy kommunar, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1963-06-21-15
PublisertI 1963 s. 786, II 1963 s. 392
Ikrafttredelse21.06.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forVoll, Grytten, Hen, Eid, Veøy og Rauma kommuner, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammenslåing til Rauma

Fastsett ved kgl.res. av 21. juni 1963 med heimel i mellombels lov 21. juni 1965 nr. 3 om revisjon av kommuneinndelinga. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Den tidlegare vedtekne (kgl.res. av 25. januar 1963) samanslåinga av Voll, Grytten, Hen, Eid og Veøy kommunar i Møre og Romsdal fylke (med unnatak av Sekken, Nesjestranda og Veøya av Veøy kommune) vert gjennomførd frå 1. januar 1964.
2.Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Rauma.
3.Kommunestyret i den nye Rauma kommune skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 45 medlemer.

Valting skal halde ved det ordinære kommunevalet 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet ved dette valet vert ført av lensmannen i Romsdal og lensmannen i Veøy, kvar for sitt distrikt av den nye kommunen - eller eventuelt den som det einskilde formannskap med fylkesmannen sitt samtykke oppnemner. Valstyret vel manntalsnemnd, jfr. § 4 i kommunevallova.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vere samansett av dei formannskapsmedlemene som bur innanfor den nye kommunen sine grenser og manntalsførarane. Valstyret vert første gong kalla saman av ordføraren i Grytten.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar inn det nyvalte kommunestyre til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Det nyvalte kommunestyre og formannskap skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta dei avgjerder som er nødvendige for å førebu og gjennomføre samanslåinga.
6.Budsjettet for den nye kommunen for 1964 skal vedtakast av det nyvalte kommunestyret. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Dei almenne vedtekter og føresegner som gjeld i Voll, Grytten, Hen, Eid og Vevøy kommunar skal halde fram å gjelde for vedkomande område av den nye kommunen til felles allmenne vedtekter og føresegner kan tre i kraft.
8.Kostnader i samband med gjennomføring av den vedtekne samanslåinga skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader skal forskotterast av Grytten kommune.
9.Denne resolusjon tek til å gjelde straks.