Forskrift om samanslåing av Bremsnes og Fei kommuner, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1963-06-21-16
PublisertI 1963 s 787 II 1963 s 393
Ikrafttredelse01.01.1964
Sist endret
Endrer
Gjelder forBremsnes og Frei kommuner, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om kommunesammensl., Bremsnes m.fl.

Fastsett ved kgl.res. av 21. juni 1963. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Den tidlegare vedtekne (kgl.res. av 18. januar 1963) overføringa av Bolga og Valen krinsar av Bremsnes kommune i Møre og Romsdal fylke til Frei kommune i same fylke, vert sett i kraft frå 1. januar 1964.
2.Kommunen sitt namn skal framleis vera Frei.
3.Kommunestyret i den utvida Frei kommune skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 21 medlemer. Valting vert halde den 23. september 1963.

Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om overføringa alt er gjennomført.

Manntalet ved kommunevalet 1963 vert ført av lensmannen i Gjemnes og lensmannen i Kvernes kvar for sin del av den nye kommunen. Valstyret vel manntalsnemnd, jfr. § 4 i kommunevallova.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stader som valstyret fastset.

Valstyret skal vere samansett av dei formannskapsmedlemene som no bur innanfor den nye kommunen sine grenser og manntalsførarane. Valstyret vert kalla saman til første møtet av ordføraren i Frei.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar inn det nyvalte kommunestyre til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Det nyvalte kommunestyre og formannskap skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta dei avgjerder som er nødvendige for å førebu og gjennomføre inndelingsendringa.
6.Budsjettet for den nye Frei kommune for 1964 skal vedtakast av det nyvalte kommunestyre. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Dei almenne vedtekter og føresegner som gjeld i Frei og Bremsnes kommunar skal halde fram å gjelde for vedkomande område av den nye kommunen til felles allmenne vedtekter og føresegner er vedteke og kan setjast ikraft.
8.Kostnader i samband med gjennomføring av inndelingsendringa skal dekkjast av Frei kommune.
9.Denne resolusjon tek til å gjelde straks.