Forskrift om samanslåing av Grindheim, Konsmo og Bjelland kommuner, Vest-Agder.

DatoFOR-1963-06-21-8
PublisertI 1963 s 777 II 1963 s 390
Ikrafttredelse21.06.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forAudnedal, Grindheim, Konsmo og Bjelland kommuner, Vest-Agder
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesamansl., Audnedal m.fl.

Fastsett ved kgl.res. av 21. juni 1963. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Samanslåinga av kommunane Grindheim og Konsmo i Vest-Agder fylke til ein heradskommune og overføringa av krinsane Ågedal og Midtbø i Bjelland kommune i same fylke til denne eininga - vedteke ved kgl.res. av 28. mars 1963 - vert gjennomførd frå 1. januar 1964.
2.Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Audnedal.
3.Kommunestyret i den nye Audnedal kommune skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 21 medlemmer.

Valting skal haldast i samband med det ordinære kommunevalet hausten 1963. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet for den nye kommunen vert ved valet 1963 ført av dei som var manntalsførarar ved det siste kommunevalet, kvar for sin del av den nye kommunen - eller av dei som vert oppnemnde av det einskilde formannskap med fylkesmannens samtykke, jfr. § 2 i kommunevallova. Valstyret vel manntalsnemnd, jfr. § 4, andre leden, i kommunevallova.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vere samansett av dei formannskapsmedlemene som bur på den nye kommunen sitt område og manntalsførarane, jfr. tredje leden. Det vert første gongen kalla saman av ordføraren i Grindheim.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Vest-Agder kallar det nyvalde kommunestyret inn til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføre samanslåinga, nytte mynde som ligg til dei tilsvarande fungerande organ i Grindheim, Konsmo og Bjelland.
6.Budsjettet for den nye kommunen for 1964 skal vedtakast av det nyvalde kommunestyret. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunevallova.
7.Dei allmenne vedtekter, føresegner o.l. som gjeld i Grindheim, Konsmo og Bjelland kommunar, skal halde fram å gjelde for vedkomande område av den nye Audnedal kommune til nye felles vedtekter og føresegner er gjevne.
8.Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader skal forskotterast av Grindheim kommune.
9.Denne resolusjon tek til å gjelde straks.