Forskrift om sammenslåing av Bud, Hustad og Fræna kommuner, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1963-07-05-10
PublisertI 1963 s 836 II 1963 s 414
Ikrafttredelse05.07.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forBud, Hustad og Fræna kommuner, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammenslåing, Bud m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 5. juli 1963. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov frå 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Samanslåinga av Bud, Hustad og Fræna kommunar i Møre og Romsdal fylke til ein heradskommune som vart vedteken i kgl.res. 18. januar 1963, vert gjennomførd frå 1. januar 1964.
2.Kommunestyret i det nye kommunen i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 skal ha 37 medlemmer. Det vert valt ved det ordivære kommunevalet hausten 1963.

Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet vert ført av lensmannen i Vågøy, eller av den som formannskapa i dei tre kommunane med samtykke frå fylkesmannenfastset. Valstyret vel manntalsnemnd, jfr. § 4, 2 ledd i kommunevallova.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samansett av formannskapsmedlemmene i Bud, Hustad og Fræna og manntalsføraren. Valstyret vert første gongen kalla saman av ordføraren i Fræna.

Ellers gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

3.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar det nyvalte kommunestyret inn til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
4.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 - så langt det er naudsynleg for å førebu og gjennomføra samanslåinga - ha den råderetten som er lagt til dei tilsvarande fungerande organa i Bud, Hustad og Fræna kommunar.
5.Budsjettet for den nye kommunen for 1964 skal det nyvalte kommunestyret vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.
6.Dei allmenne vedtektene og føresegnene som gjeld i Bud, Hustad og Fræna kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye kommunen til nye allmenne vedtekter og føresegner kan verta gjevne.
7.Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga skal den kommunen som har hatt kostnadene, greia ut. Felleskostnader skal Fræna kommune forskottera.
8.Denne resolusjonen tek til å gjelda straks.