Forskrift om kommunesammenslåing, deler av Bruvik og Evanger kommuner, Hordaland.

DatoFOR-1963-07-05-20
PublisertI 1963 s 847 II 1963 s 416
Ikrafttredelse05.07.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forVaksdal, Bruvik og Evanger kommuner, Hordaland.
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om Vaksdal kommune

Fastsatt ved kgl.res. 5. juli 1963. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov frå 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Overføringa til Bruvik kommune i Hordaland fylke av Eksingedalen sokn frå Modalen kommune og Evanger kommune sine område i Eksingedalen og Bergsdalen, alt i same fylket, vert gjennomførd frå 1. januar 1964.
2.Namnet på den utvida kommunen vert fastsett til Vaksdal.
3.Kommunestyret i den nye Vaksdal kommune i perioden 1. januar 1964-31. desember 1967 skal ha 31. medlemmer. Det vert valt ved det ordinære kommunevalet hausten 1963.

Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet vert som tidlegare ført av lensmannen i Bruvik, lensmannen i Evanger og ordføraren i Modalen, kvar for sitt distrikt, eller av den som vedkomande formannskap med samtykke frå fylkesmannen fastset. Valstyret vel manntalsnemnd, jfr. § 4,2. ledd i kommunevallova.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på de stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samasett av formannskapsmedlemmene som bur på området til den utvida kommunen og manntalførarane. Valstyret vert første gongen kalla samen av ordføraren i Bruvik.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Bergen og Hordaland kaller det nyvalde kommunestyret inn til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal frå 1. januar 1964 ha rett til å ta dei avgjerder som er naudsynlege for å førebu og gjennomføre inndelingsendringa.
6.Budsjettet for den nye kommune for 1964 skal det nyvalte kommunestyret vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.
7.Kommunestyret i den nye Vaksdal kommune skal ha fullmakt til å fastsetja med kva for sats innanom ramma i skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt i kommunen for 1964, utan omsyn til regelen i skattelova om at eigedomsskatt til eit herad ikkje for noko år kan setjast opp eller ned med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.
8.Kostnader i samband med gjennomføringa av inndelingsendringa skal den kommunen som har hatt kostnadene greia ut.
9.Denne resolusjonen tek til å gjelda straks.