Forskrift om sammenslåing av Ullensvang, Kinsarvik, Eidfjord og Granvin kommuner, Hordaland.

DatoFOR-1963-07-05-21
PublisertI 1963 s 848 II 1963 s 416
Ikrafttredelse05.07.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forUllensvang, Kinsarvik, Eidfjord og Granvin kommuner, Hordaland
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om kommunesammensl., Ullensvang m.fl.

Fastsett ved kgl.res. 5. juli 1963. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov frå 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Samanslåinga av Ullensvang, Kinsarvik (unnateke Lussand-Kvanndalområdet) og Eidfjord kommunar i Hordaland fylke til ein heradskommune og overføringa av Lussand-Kvanndalområdet til Granvin kommune i same fylke, alt vedteke ved kgl.res. 19. april 1963, vert gjennomførde frå 1.januar 1964.
2.Kommunestyret i den nye kommune i perioden 1. januar 1964-31. desember 1967 skal ha 29 medlemmer. Det vert valt ved det ordinære kommunevalet hausten 1963.

Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet vert ført av lensmannen i Ullensvang og lensmannen i Ulvik, kvar for sine distrikt i den nye kommunen og i den utvida Granvin kommune. Valstyra vel manntalsnemnder, jfr. § 4, 2. ledd i kommunevallova.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunelova skjer på dei stadene i den nye og den utvida kommunen som valstyra fastset.

Valstyra skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur på områda til den nye og den utvida kommunen og vedkomande manntalsførarar. I den nye kommunen vert valstyret første gongen kalla saman av ordføraren i Ullensvang.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

3.Fylkesmannen i Bergen og Hordaland kaller det nyvalte kommunestyret i den nye kommune inn til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
4.Dei nyvlde kommunale organa skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta avgjerder som elles høyrer under dei tilsvarande organ i dei nåverande kommunar, i den utstrekning det er naudsynleg for å førebu og gjennomføra inndelingsendringa.
5.Budsjettet for den nye kommune for 1964 skal det nyvalte kommunestyret vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.
6.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i Ullensvang, Kinsarvik og Eidfjord kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye kommunen til nye allmenne vedtekter og føresegner vert gjevne.
7.Kostnader i samband med gjennomføring av inndelingsendringa skal den kommunen som har hatt kostnadene greia ut. Felleskostnader i samband med samanslåinga av dei tre kommunane skal Ullensvang kommune forskottera.
8.Denne resolusjonen tek til å gjelda straks.