Forskrift om sammenslåing av Odda og Røldal kommuner, Hordaland.

DatoFOR-1963-07-05-22
PublisertI 1963 s 849 II 1963 s 416
Ikrafttredelse05.07.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forOdda og Røldal kommuner, Hordaland
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesammenslåing, Odda m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 5. juli 1963. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov frå 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

Samanslåinga av Odda og Røldal kommunar i Hordaland fylke til ein heradskommune som vart vedteken ved kgl. res. 21. juni 1963, vert gjennomført frå 1. januar 1964.

2.Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Odda.
3.Kommunestyret i den nye kommunen i perioden 1. januar 1964-31. desember 1967 skal ha 41 medlemmer. Det vert valt ved det ordinære kommunevalet hausten 1963.

Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet vert ført av lensmannen i Odda og lensmannen i Røldal, kvar for sitt distrikt, eller av den som vedkomande formannskap med samtykke frå fylkesmannen fastset. Valstyret vel manntalsnemnd, jfr. § 4,2. ledd i kommunevallova.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset. Valstyret skal vera samansett av formannskapsmedlemmene i Odda og Røldal og manntalsførarane. Valstyret vert første gongen kalla saman av ordføraren i Odda.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Bergen og Hordaland kallar det nyvalte kommunestyret inn til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 så langt det er naudsynleg for å føreby og gjennomføre samanslåinga ha den råderetten som er lagt til dei tilsvarande fungerande organa i Odda og Røldal kommunar.
6.Budsjettet for den nye kommunen for 1964 skal det nyvalte kommunestyret vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.
7.Kommunestyret i den nye Odda kommune skal ha fullmakt til å fastsetja med kva for sats innanom ramma av skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt i kommunen for 1964, utan omsyn til regelen i skattelova om at eigedomsskatt til eit herad ikkje for noko år må setjast opp eller ned med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.
8.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i Odda og Røldal kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkommande område av den nye kommunen til nye allmenne vedtekter og føresegner vert gjevne.
9.Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga skal den kommunen som har hatt kostnadene, greia ut. Felleskostnader skal Odda kommune forskuttera.
10.Denne resolusjon tek til å gjelda straks.