Forskrift om samanslåing av Rauland, Vinje, Mo og Lårdal kommunar, Telemark.

DatoFOR-1963-07-05-6
PublisertI 1963 s 831 II 1963 s 413
Ikrafttredelse05.07.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forRauland, Vinje, Mo og Lårdal kommuner, Telemark
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om kommunesamanslåing, Rauland m.fl.

Fastsett ved kgl.res av 5. juli 1963. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om ein alminneleg revisjon av den kommunale inndeling, vert fastsett:

1.Dei ved Kronprinsreg.res. den 28. september 1962, jfr. Stortingets vedtak den 1. april 1963, vedtekne samanslåingar av Rauland og Vinje kommunar til ein heradskommune og Mo og Lårdal kommunar til ein heradskommune, alt i Telemark fylke, vert gjennomførde frå 1. januar 1964.
2.Kommunestyret i felleskommunen Vinje/Rauland skal i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha 33 representantar og i Mo/Lårdal 29 representantar. Dei vert valde ved det ordinære kommunevalet hausten 1963.

Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røystegjeving førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåingane alt er gjennomførde.

Manntalet for dei nye kommunane skal ved valet i 1963 førast av dei som var manntalsførarar ved siste kommuneval, kvar for sitt distrikt, eller av dei som dei einskilde formannskap med samtykke frå fylkesmannen oppnemner, jfr. § 2 i kommunevalloven. Valstyret vel manntalsnemnd, jfr. § 4, 2. ledd i kommunevalloven.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevalloven skjer på dei stadene i dei nye kommunane som valstyra fastset.

Valstyret i felleskommunen Rauland/Vinje skal vera samansett av dei to formannskapa og manntalsførarane og skal fyrste gongen kallast saman av ordføraren i Lårdal.

Elles gjeld føresegnene i kommunevalloven så langt dei høver.

3.Fylkesmannen i Telemark kallar dei nyvalde kommunestyra inn til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommuneloven.
4.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta dei avgjerder som elles høyrer under dei tilsvarande organa i dei nåverande kommunane, i den utstrekning det er naudsynleg for å førebu og gjennomføra inndelingsendringane.
5.Budsjett for dei nye kommunane for 1964 skal vedtakast av dei nye kommunestyra. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommuneloven.
6.Kommunestyret i felleskommunen Rauland/Vinje kan fastsetja med kva for sats innanfor ramma i skatteloven det skal skrivast ut eigedomsskatt i kommunen for terminen 1964, utan hinder av regelen i skatteloven om at eigedomsskatten ikkje for noko år kan setjast opp eller ned med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.
7.Dei alminnelege vedtekter og føresegner i dei nåværande kommunane skal halda fram å gjelda der dei nå gjeld til nye vedtekter og føresegner vert gjevne.
8.Kostnader i samband med gjennomføringa av inndelingsendringane skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader i samband med samanslåinga av Rauland og Vinje skal forskotterast av Vinje kommune. Felleskostnader i samband med samanslåinga av Mo og Lårdal skal forskotterast av Lårdal kommune.
9.Denne resolusjon tek til å gjelda straks.