Forskrift om samanslåing av Herdla, Hjelme, Meland, Sæbø, Askøy, Hamre og Fjell kommuner, Hordaland.

DatoFOR-1963-07-05-8
PublisertI 1963 s 834 II 1963 s 414
Ikrafttredelse05.07.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forHerdla, Hjelme, Meland, Sæbø, Askøy, Hamre og Fjell kommuner, Hordaland
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om kommunesammenslåing, Herdla m.fl.

Fastsett ved kgl.res av 5. juli 1963. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Dei endringane i inndelinga for kommunane Herdla, Hjelme, Meland, Sæbø, Askøy, Hamre og Fjell i Hordaland fylke som vart vedtekne ved kgl.res. 7. september 1962 og 1. februar 1963, jfr. stortingsvedtak 15. mai 1963, vert gjennomførde frå 1. januar 1964.

Til Meland kommune vert lagt:

a.Herdla kommune sine område på Holsenøy.
b.Sæbø kommune sitt område på Holsenøy.
c.Flatøy frå Hamre kommune.

Til Askøy kommune vert lagt:

a.Herdla kommune sine område på Askøy og Herdla øy.
b.Hanevik krets frå Meland kommune.

Til Fjell kommune vert lagt:

Misje og Turøy frå Herdla kommune.

Resten av Herdla kommune vert slegen saman med Hjelme kommune.

2.Dei tre utvida kommunane skal ha dei namna dei har no: Meland, Askøy og Fjell.
3.Kommunestyra i dei utvida Meland, Askøy og Fjell kommunar og i den nye eininga av Hjelme og delar av Herdla kommune skal i valgperioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 ha i same fylgd, 21, 43, 27 og 23 medlemmer. Dei vert valde ved det ordinære kommunevalet hausten 1963.

Når det gjeld «røysterett», kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om inndelingsendringane alt er gjennomførde.

Manntalet for dei utvida kommunane og i den nye eininga Hjelme/Herdla vert ført av dei tidlegare manntalsførarane, kvar for sitt distrikt, eller av dei som vedkomande formannskap med samtykke frå fylkesmannen fastset. Valstyra vel manntalsnemnder, jfr. § 4, 2. ledd i kommunevalloven.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevalloven skjer på dei stadene i den nye kommunen og dei utvida kommunane som valstyra fastset.

Valstyra skal vera samansette av formannskapsmedlemmene som bur på områda til dei nye eller utvida einingane, og manntalsførarane. I dei utvida kommunane vert valstyra første gongen kalla saman av ordføraren i den tidlegare kommunen. I den nye kommunen Hjelme/Herdla vert valstyret kalla saman av ordføraren i Hjelme.

Elles gjeld føresegnene i kommunevalloven så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Bergen og Hordaland kallar inn dei nyvalde kommunestyra til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommuneloven.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta dei avgjerder som er naudsynlege for å førebu og gjennomføra inndelingsendringane.
6.Budsjett for dei nye eller utvida kommunane for 1964 skal dei nye kommunestyra vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.
7.Kommunestyra i dei utvida Meland og Askøy kommunar skal ha fullmakt til å fastsetja med kva for sats innanom ramma i skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt i dei utvida kommunane for 1964, utan omsyn til regelen i skattelova om at eigedomsskatt til eit herad ikkje for noko år kan setjast opp eller ned med meir enn kr. 0.50 pr. skyldmark.
8.Dei almenne vedtekter og føresegner som gjeld i Hjelme og Herdla kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkommande område av den nye kommunen til nye vedtekter og føresegner vert gjevne.
9.Kostnader i samband med gjennomføringa av inndelingsendringane skal den kommunen som har hatt kostnadene, greia ut.
10.Denne resolusjonen tek til å gjelda straks.