Forskrift om samanslåing av Giske og Vigra kommunar, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1963-07-05-9
PublisertI 1963 s 835 II 1963 s 414
Ikrafttredelse05.07.1963
Sist endret
Endrer
Gjelder forGiske og Vigra kommuner, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunesamanslåing, Giske m.fl.

Fastsett ved kgl.res av 5. juli 1963. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Samanslåinga av Giske og Vigra kommunar i Møre og Romsdal fylke til ein heradskommune som vart vedteken ved kgl.res. 3. mai 1963, vert gjennomførd frå 1. januar 1964.
2.Namnet på den nye kommunen skal vera Giske.
3.Kommunestyret i den nye kommunen i perioden 1. januar 1964 - 31. desember 1967 skal ha 27 medlemmer. Det vert valt ved det ordinære kommunevalet hausten 1963.

Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet vert ført av lensmannen i Borgund og ordføraren i Vigra, kvar for sitt distrikt, eller av den som vedkomande formannskap med samtykke frå fylkesmannen fastset. Valstyret vel manntalsnemnd, jfr. § 4, 2. ledd i kommunevallova.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevalloven skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyra fastset. Valstyret skal vera samansett av formannskapsmedlemmene i Giske og Vigra og manntalsførarane. Valstyret vert første gongen kalla saman av ordføraren i Giske.

Elles gjeld føresegnene i kommunevalloven så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar det nyvalte kommunestyret inn til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommuneloven.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1964 ha rett til å ta dei avgjerder som er naudsynlege for å førebu og gjennomføre samanslåinga.
6.Budsjettet for dei nye kommunen for 1964 skal det nyvalte kommunestyret vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i Giske og Vigra kommunar skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye kommunen til nye allmenne vedtekter og føresegner vert gjevne.
8.Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga skal den kommunen som har hatt kostnadene, greia ut. Felleskostnader skal Giske kommune forskottera.
9.Denne resolusjonen tek til å gjelda straks.