Forskrift om sammenslåing av Heskestad og Lund kommuner, Rogaland.

DatoFOR-1964-04-30-2
PublisertI 1964 s 539 II 1964 s 191
Ikrafttredelse01.01.1965
Sist endret
Endrer
Gjelder forHeskestad og Lund kommuner, Rogaland
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om kommunesammensl., Heskestad m.fl.

Kapitteloversikt:

Fastsatt ved kgl.res. 30. april 1964. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

Samanslåinga av Heskestad kommune (unnateke Gyadalen og Grøsfjell krinsar) og Lund kommune i Rogaland fylke til ein heradskommune som vart vedteken av Stortinget 27. februar 1964 (jfr. St.prp. nr. 11 for 1963-64), vert gjennomførd frå 1. januar 1965.

2.

Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Lund.

3.

Kommunestyret i den nye Lund kommune skal i perioden 1. januar 1965-31. desember 1967 ha 19 medlemmer.

Valting vert halde måndag 28. september 1964. Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet vert ført av lensmannen i Lund og av folkeregisterføraren i Heskestad, kvar for sitt distrikt.

Valstyret gjer teneste som manntalsnemnd.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur på området til den nye kommunen, og manntalsførarane. Valstyret vert første gongen kalla saman av ordføraren i Lund. Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.

Fylkesmannen i Rogaland kallar inn det nyvalde kommunestyret til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.

5.

Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1965 - så langt det er naudsynleg for å førebu og gjennomføre samanslåinga - ha den råderetten som elles er lagd til dei tilsvarande organa i Heskestad og Lund kommunar.

6.

Budsjettet for den nye kommunen for 1965 skal det nyvalde kommunestyret vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.

7.

Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i Heskestad og Lund kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye kommunen til nye allmenne vedtekter og føresegner vert gjevne.

8.

Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova vert halde i den nye kommunen av det nyvalde kommunestyre og av det nyvalde formannskap og manntalsførarane. Dei som vert valde, skal gjera teneste til utgangen av 1967.

9.

Kostnader i samband med gjennomføring av samanslåinga, skal dei kommunane som har hatt kostnadene, greia ut. Felleskostnader skal Lund kommune forskottera.

10.

Denne resolusjonen tek til å gjelda straks.