Forskrift om sammenslåing av Halsa og Valsøyfjord kommuner, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1964-04-30-3
PublisertI 1964 s 541 II 1964 s 192
Ikrafttredelse01.01.1965
Sist endret
Endrer
Gjelder forHalsa og Valsøyfjord kommuner, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om kommunesammenslåing, Halsa m.fl.

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 30. april 1964. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov 21. juni om 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.

Følgjande endringar i kommuneinndelinga i Møre og Romsdal fylke som vart vedtekne av Stortinget 10. mars 1964 (jfr. St. prp. nr. 97, 1962-63), vert gjennomførde frå 1. januar 1965:

a.samanslåing av Halsa kommune og den delen av Valsøyfjord kommune som ligg på sørsida av Vinjefjorden, til ein heradskommune - og
b.samanslåing av Aure kommune, Stemshaug kommune og dei delane av Tustna og Valsøyfjord kommunar som ligg på Ertvågøy, til ein heradskommune.

2.

Namna på dei under 1. nemnde nye kommunale einingane vert i same følgd fastsett til Halsa og Aure.

3.

I perioden 1. januar 1965-31. desember 1967 skal kommunestyret i den nye Halsa kommune ha 21 og kommunestyret i den nye Aure kommune 29 medlemmer.

Valting vert halde måndag 28. september 1964. Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved desse vala rekna som om samanslåingane alt er gjennomførde.

Manntala vert førde av lensmannen i Halsa og lensmannen i Aure, kvar for sine distrikt, eller av den som vedkomande formannskap med samtykke av fylkesmannen fastset. Valstyra gjer teneste som manntalsnemnder.

Utlegging av manntala etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i dei nye kommunane som valstyra fastset.

Valstyra skal vera samansette av dei formannskapsmedlemmene som bur på områda til dei to nye kommunane, og vedkommande manntalsførarar.

Valstyra vert første gongen kalla saman av ordførarane i Halsa og Aure. Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4. Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar inn dei nyvalde kommunestyra til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.

5.

Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1965 - så langt det er naudsynleg for å førebu og gjennomføra samanslåingane - ha den råderetten som elles er lagd til dei tilsvarande organa i dei nåverande kommunane.

6.

Budsjett for dei nye kommunane for 1965 skal dei nyvalde kommunestyra vedta. For dei budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.

7.

Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i Halse, Valsøyfjord, Aure, Stemshaug og Tustna kommunar, skal halde fram å gjelde for vedkomande område av dei nye kommunane til nye allmenne vedtekter og føresegner vert gjevne.

8.

Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova vert haldne i dei nye kommunane av dei nyvalde kommunestyra og av dei nyvalde formannskapa og manntalsførarane. Dei som vert valde, skal gjera teneste til utgangen av 1967.

9.

Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåingane skal den kommunen som har hatt kostnadene, greia ut. Felleskostnader skal dei noverande Halsa og Aure kommunar forstottera.

10.

Denne resolusjon tek til å gjelda straks.