Forskrift om sammenslåing av Kvinnherad, Fjelberg, Varaldsøy (unntatt den delen av Mundheim krets' fastlandsdel som ligger nord for eiendommene under grn. 1-4), Skånevik, Etne, Kvam, Jondal og Strandebarm kommuner, Ytre Hardanger og Indre Sunnhordland.

DatoFOR-1964-05-29-3
PublisertI 1964 s 653 II 1964 s 266
Ikrafttredelse01.01.1965
Sist endret
Endrer
Gjelder forKvam, Jondal, Kvinnherad, Skånevik, Fjelberg, Etne, Varaldsøy, Strandebarm og Ullensvang kommuner, Hordaland
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om kommunesammenslåing, Kvam m.fl.

Fastsatt ved kgl. res. 29. mai 1964. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Ytre Hardanger og Indre Sunnhordland som Stortinget i vedtak den 27. februar 1964 ved handsaminga av St. prp. nr. 106 (1962-63). har gitt samtykke til, vert gjennomførde frå 1.januar 1965:

«1. Kommunene Kvinnherad, Fjelberg og Varaldsøy (unntatt den delen av Mundheim krets' fastlandsdel som ligger nord for eiendommene under grn. 1-4) og den delen av Skånevik kommune som ligger nord for Skånevikfjorden / Åkrafjorden østover til og med Åkra, sluttes sammen til en herredskommune.

Grensen ved delingen av Skånevik nordside trekkes fra sjøen mellom gårdene Åkra, grn. 53, og Vågen, grn. 54, på den ene side og gården Kalvik, grn. 55, på den andre side, videre mellom gården Åkra og gården Kvandal, grn. 56, fram til grensen mellom soknene Holmedal og Åkra og videre langs denne soknegrense fram til herredsgrensen mot Kvinnherad.

2. Etne kommune og resten av Skånevik kommune sluttes sammen til en herredskommune.

3. De deler av kommunene Kvam, Jondal og Strandebarm som ligger på nordvestsiden av Hardangerfjorden, og den delen av Mundheim krets' fastlandsdel som ligger nord for eiendommene under grn. 1-4, sluttes sammen til en herredskommune.

4. Kysnesstranda i Strandebarm kommune overføres til Jondal kommune (på Folgefonnhalvøya).

5. Åsgrenda krets i Kvam kommune overføres til Ullensvang kommune.

2.Den omregulerte Jondal kommune skal framleis ha namnet Jondal. Dei tre nye kommunane under 1-3 skal ha namna: Kvinnherad, Etne og Kvam.
3.Kommunestyra i den omregulerte Jondal kommune og dei nye Kvam, Kvinnherad og Etne kommunar skal i perioden 1. januar 1965 - 31. desember 1967 ha i følgd 13, 41, 45 og 29 medlemmer. Valting vert haldne måndag 28. september 1964. Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette høve rekna som om inndelingsendringane alt er gjennomførde.

Manntalet i den omregulerte Jondal kommune og i dei nye Kvam, Kvinnherad og Etne kommunar vert ført av manntalsførarane ved siste kommunevalet, kvar for sitt distrikt, eller av den som vedkomande formannskap med samtykke frå fylkesmannen fastset. Valstyra vel manntalsnemnder, jfr. § 4,2. ledd i kommunevallova.

Utlegging av manntala etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den omregulerte og dei nye kommunane som valstyret fastset.

Valstyra skal vera samansette av dei formannskapsmedlemmene som bur på områda til den omregulerte og dei nye einingane, og manntalsførarane. Valstyra vert første gongen kalla saman av ordførarane i dei noverande Jondal, Kvam, Kvinnherad og Etne kommunar.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Bergen og Hordaland kallar inn dei nyvalde kommunestyra til konstituerande møte så snart som mogleg etter vala, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1965 - så langt det er naudsynleg for å førebu og gjennomføra inndelingsendringane - ha den råderetten som elles er lagd til dei tilsvarande organa i dei noverande kommunane.
6.Budsjett for den omregulerte og dei nye kommunane for 1965 skal dei nyvalde kommunestyra vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunevallova fastset.
7.Kommunestyra i dei nye Kvam og Kvinnherad kommunar og i den utvida Ullensvang kommune skal ha fullmakt til å fastsetja med kva for sats innanfor ramma i skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt i dei nye og den utvida kommunen for 1965, utan omsyn til regelen i skattelova om at eigedomsskatt til eit herad ikkje for noko år kan setjast opp eller ned med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.
8.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i dei noverande Kvam, Jondal, Strandebarm, Varaldsøy, Kvinnherad, Fjelberg, Skånevik og Etne kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkomande område av dei nye kommunane til nye allmenne vedtekter og føresegner vert gjevne.
9.Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova vert haldne i den omregulerte Jondal kommune og i dei nye Kvam, Kvinnherad og Etne kommunar av dei nyvalde kommunestyra og av dei nyvalde formannskapa og manntalsførarane. Dei som vert valde, skal gjera teneste til utgangen av 1967.
10.Kostnader i samband med gjennomføring av inndelingsendringane skal den kommunen som har hatt utgiftene, greia ut.
11.Denne resolusjonen tek til å gjelda straks.