Forskrift om sammenslåing av Hjelmeland, Jelsa, Årdal, Fister, Strand, Finnøy og Stjernarøy kommuner i Rogaland.

DatoFOR-1964-06-05-2
PublisertI 1964 s 721 II 1964 s 315
Ikrafttredelse01.01.1965
Sist endret
Endrer
Gjelder forHjelmeland, Jelsa, Årdal, Fister, Strand, Finnøy og Stjernarøy kommuner, Rogaland
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om Hjelmeland og Finnøy kommuner

Fastsatt ved kgl. res. 5. juni 1964. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Følgjande endringar i kommuneinndelinga i Rogaland fylke som vart vedtekne ved kongeleg resolusjon 13. desember 1963, jfr. stortingsvedtak 13. april 1964, vert gjennomførde frå 1. januar 1965:

1. Hjelmeland kommune, Buergardane av Jelsa kommune, Årdal kommune med unntak av Sunngardane krins, og Fister kommune med unntak av «Fisterøyane» (Halsnøy og Bokn - Byre krinsar), vert slegne saman til ein heradskommune.

2. Sunngardane krins av Årdal kommune vert overførd til Strand kommune.

3. Finnøy og Stjernarøy kommunar, Jelsa kommune sin del av øya Ombo med unntak av Buergardane, og «Fisterøyane» (Halsnøy og Bokn - Byre krinsar) av Fister kommune, vert slegne saman til ein heradskommune.

2.Namna på dei to nye kommunane vert fastsette til Hjelmeland og Finnøy.
3.Kommunestyra i dei nye Hjelmeland og Finnøy kommunar skal i perioden 1. januar 1965 - 31. desember 1967 ha 25 medlemmer kvar.

Valting vert haldne måndag 28. september 1964. Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette høve rekna som om inndelingsendringane alt er gjennomførde.

Manntala vert førde av manntalsførarane ved siste kommunevalet, kvar for sitt distrikt eller av den som vedkomande formannskap med samtykke frå fylkesmannen fastset.

Valstyra vel manntalsnemnder, jfr. § 4,2. ledd i kommunevallova.

Utlegging av manntala etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene som valstyret fastset.

Valstyra skal vere samansette av dei formannskapsmedlemmene som bur på områda til dei nye kommunane, og manntalsførarane. I den nye Finnøy kommune skal og 1 kommunestyrerepresentant frå Ombo vera med i valstyret. Valstyra vert kalla saman av ordførarane i dei noverande Hjelmeland og Finnøy kommunar.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Rogaland kallar inn dei nyvalde kommunestyra til konstituerande møte så snart som mogleg etter vala, jfr. § 7 i kommunevallova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1965 - så langt det er naudsynleg for å førebu og gjennomføra inndelingsendringane - ha den råderetten som elles er lagd til dei tilsvarande organa i dei noverande kommunane.
6.Budsjett for dei nye kommunane for 1965 skal dei nyvalde kommunestyra vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.
7.Kommunestyret i den utvida Strand kommune skal ha fullmakt til å fastsetja med kva for sats innanfor ramma av skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt i kommunen for 1965, utan omsyn til regelen i skattelova om at eigedomsskatt til eit herad ikkje for noko år kan setjast opp eller ned med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.
8.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i dei noverande Hjelmeland, Årdal, Fister, Jelsa, Finnøy og Stjernarøy kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkomande område av dei nye kommunane til nye allmenne vedtekter og føresegner vert gjevne.
9.Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova vert haldne i dei nye Hjelmeland og Finnøy kommunar av dei nyvalde kommunestyra og av dei nyvalde formannskapa og manntalsførarane. Dei som vert valde, skal gjera teneste til utgangen av 1967.
10.Kostnader i samband med gjennomføringa av inndelingsendringa skal den kommunen som har hatt utgiftene, greia ut. Felleskostnader skal Hjelmeland og Finnøy kommunar, kvar for si eining, forskottera.
11.Denne resolusjonen tek til å gjelda straks.