Forskrift om sammenslåing av Gjemnes, Øre og Tingvoll, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1964-06-12-2
PublisertI 1964 s 774 II 1964 s 346
Ikrafttredelse01.01.1965
Sist endret
Endrer
Gjelder forGjemnes, Øre og Tingvoll, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om kommunesammensl., Gjemnes m.fl.

Fastsett ved kgl.res. 12. juni 1964. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Samanslåinga av Gjemnes og Øre kommunar i Møre og Romsdal fylke til ein heradskommune og overføringa til denne eininga av Tingvoll kommune sitt område vest for Tingvollfjorden (Sørlandet), vedteken ved kgl.res. 3. april 1964, vert gjennomførd frå 1. januare 1965.
2.Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Gjemnes.
3.I perioden 1. januar 1965 - 31. desember 1967 skal kommunestyret i den nye kommune ha 25 medlemmer.

Valting vert halde måndag 28. september 1964. Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjonnomførd.

Manntalet vert ført av dei som var manntallsførarar ved siste kommuneval, kvar for sitt distrikt, eller av dem som vedkomande formannskap med samtykke av fylkesmannen fastset. Valstyret gjer teneste som manntalsnemnd.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fatset.

Valstyret skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur på området til den nye kommunen, og manntalsførarane. Valstyret vert første gongen kalla saman av ordføraren i Øre.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar inn det nyvalte kommunestyret til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1965 - i den utstrekning det er naudsynleg for å førebu og gjennomføra samanslåinga - ha den råderett som er lagd til dei tilsvarande fungerande organa i Gjemnes, Øre og Tingvoll kommunar.
6.Budsjettet for den nye kommunene for 1965 skal det nyvalte kommunestyret vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.
7.Dei almenne vedtekter og føresegner som gjeld i Gjemnes, Øre og Tinvoll kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye kommunen til nye allmenne vedtekter og føresegner vert gjevne.
8.Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova vert halde i den nye kommunen av det nyvalte kommunestyre og av det nyvalte formannskapet og manntalsføraren, Dei som vert valde, skal gjera teneste til utgangen av 1967.
9.Kostnader i samband med gjennomføring av samanslåinga skal den kommunen som har hatt utgiftene, greia ut. Felleskostnader skal den noverande Øre kommune forskottera.
10.Denne resolusjonen tek til å gjelda straks.