Forskrift om sammenslåing av kommuner, Surnadal, Stangvik, Todalen, Åsskard, Sunndal og Tingvoll kommuner, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1964-06-12-3
PublisertI 1964 s 776 II 1964 s 346
Ikrafttredelse01.01.1965
Sist endret
Endrer
Gjelder forSurnadal, Stangvik, Todalen, Åsskard, Sunndal og Tingvoll kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om Surnadal kommune

Fastsett ved kgl.res. 12. juni 1964. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Følgjande endringar i kommuneinndelinga i Møre og Romsdal fylke som vart vedtekne av Stortinget 10. mars 1964 (jfr. St.prp. nr. 97 for 1962-63), vert gjennomførde frå 1. januar 1965:
a.samanslåing av Surnadal kommune, den delen av Stangvik kommune som ligg på nordsida av Stangvikfjorden med Todalen, og Åsskard kommune, til ein heradskommune,
b.overføring av Ålvundfjord krins av Stangvik kommune (eigedomane under gnr.34-49) til Sunndal kommune - og
c.overføring av Åsprong-Sandnes krins av Stangvik kommune (eigedomane under gnr. 32-33) til Tingvoll kommune.
2.Namnet på den nye kommunen vert fastsett til Surnadal.
3.I perioden 1. januar 1965 - 31. desember 1967 skal kommunestyret i den nye Surnadal kommune ha 33 medlemmer.

Valting vert halde måndag 28. september 1964. Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet vert ført av lensmannen i Surnadal og lensmannen i Stangvik, kvar for sitt distrikt, eller av den som vedkomande formannskap med samtykke av fylkesmannen fastset. Valstyret gjer teneste som manntalsnemnd.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadenen i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur på området til den nye kommunen, og manntalsføraren. Valstyret vert første gongen kalla saman av ordføraren i Surnadal.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar inn det nyvalte kommunestyret til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1965 - så langt det er naudsynleg for å førebu og gjennomføra samanslåinga - ha den råderett som elles er lagd til dei tilsvarande organa i dei noverande kommunane.
6.Budsjett for den nye kommunen for 1965 skal det nyvalte kommunestyret vedta.

For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.

7.Kommunestyret i den utvida Sunndal kommune skal ha fullmakt til å fastsetja med kva for sats innanfor ramma av skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt i kommunen for 1965 utan omsyn til regelen i skattelova om at eigedomsskatt til eit herad ikkje for noko år kan setjast opp eller ned med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.
8.Dei almenne vedtekter og føresegner som gjeld i Surnadal, Åsskard og Stangvik kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye kommunen til nye allmenne vedtekter og føresegner vert gjevne.
9.Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova vert halde i den nye kommunen av det nyvalte kommunestyret og av det nyvalte formannskapet og manntalsføraren. Dei som vert valde, skal gjera teneste til utgangen av 1967.
10.Kostnader i samband med gjennomføringa av inndelingsendringa skal den kommunen som har hatt utgiftene, greia ut. Felleskostnader skal den noverande Surnadal kommune forskottera.
11.Denne resolusjon tek til å gjelda straks.