Forskrift om sammenslåing av Sand, Suldal, Jelsa, Erfjord og Imsland kommuner, Rogaland.

DatoFOR-1964-06-19-2
PublisertI 1964 s 931 II 1964 s 419
Ikrafttredelse01.01.1965
Sist endret
Endrer
Gjelder forSand, Suldal, Jelsa, Erfjord og Imsland kommuner, Rogaland.
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om kommunesammensl., Sand m.fl.

Fastsett ved kgl.res. 19. juni 1964. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Samanslåinga av kommunane Sand, Suldal, Jelsa (unnateke området på Ombo) og Erfjord kommunar i Rogaland fylke med tillegg av Imsland kommune sitt område sør for Vindafjorden, som vart vedteken ved kgl.res. 29. november 1963, jfr. stortingsvedtak 13. april 1964, vert gjennomførd fra 1. januar 1965.
2.Kommunestyret i den nye kommunen i perioden 1. januar 1965 - 31. desember 1957 skal ha 33 medlemmer.

Valting vert halde måndag 28. september 1964. Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette høve rekna som om inndelingsendringa alt er gjennomførd.

Manntalet vert ført av manntalsførarane ved siste kommuneval, kvar for sitt distrikt, eller av den som vedkomande formannskap med samtykke frå fylkesmannen fastset, jfr. § 2 i kommunevallova. Valgstyret vel manntalsnemnd, jfr. § 4, 2. ledd i kommunevallova.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samansett av formannskapsmedlemmene frå Sand, Suldal og Erfjord, tre formannskapsmedlemmer frå Jelsa, oppnemnde av Jelsa noverande kommunestyre, og manntalsførarane. Valstyret vert kalla saman av ordføraren i Suldal.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

3.Fylkesmannen i Rogaland kallar inn det nyvalte kommunestyret til konstituerande møte så snart som mogelg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
4.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1965 - så langt det er naudsynleg for å førebu og gjennomføra inndelingsendringa - ha den råderetten som elles er lagd til dei tilsvarande organa i dei noverande kommunane.
5.Budsjett for den nye kommunen for 1965 skal det nyvalte kommunestyret vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.
6.Kommunestyret i den nye kommunen skal ha fullmakt til å fastsetja med kva for sats innanfor ramma av skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt i kommunen for 1965, utan omsyn til regelen i skattelova om at eigedomsskatt til eit herad ikkje for noko år kan setjast opp eller ned med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i dei noverande Sand, Suldal, Jelsa, Erfjord og Imsland kommunar, skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye kommunen til nye allmenne vedtekter og føresegner vert gjevne.
8.Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova vert halde i den nye kommunen av det nyvalte kommunestyret og av det nyvalte formannskapet og manntalsførarane. Dei som vert valde, skal gjera teneste til utgangen av 9167.
9.Kostnader i samband med gjennomføring av inndelingsendringa skal den kommunen som har hatt utgiftene, greia ut. Felleskostnader skal Suldal kommune forskottera.
10.Denne resolusjonen tek til å gjelda straks.