Forskrift om sammenslåing av Mosterøy og Rennesøy kommuner, Rogaland.

DatoFOR-1964-06-19-3
PublisertI 1964 s 932 II 1964 s 420
Ikrafttredelse01.01.1965
Sist endret
Endrer
Gjelder forMosterøy og Rennesøy kommuner, Rogaland
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om kommunesammensl., Mosterøy m.fl.

Fastsett ved kgl.res. 19. juni 1964. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Samanslåinga av Mosterøy og Rennesøy kommunar i Rogaland fylke som vart vedteken ved kgl.res. 17. april 1964, vert gjennomførd frå 1. januar 1965.
2.Kommunestyret i den nye felleskommunen skal i perioden 1. januar 1965 - 31. desember 1967 ha 21 medlemmer.

Valting vert halde måndag 28. september 1964. Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette høve rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet vert ført av lensmannen i Rennesøy eller av den som vedkomande formannskap med samtykke av fylkesmannen fastset, jfr. § 2 i kommunevallova. Valstyret vel manntallsnemnd, jfr. § 4, 2. ledd i kommunevallova.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samansett av formannskapsmedlemmene i Mosterøy og Rennesøy og manntalsføraren. Valstyret vert kalla saman av ordføraren i Rennesøy.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

3.Fylkesmannen kallar inn det nyvalte kommunestyret til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
4.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1965 - så langt det er naudsynleg for å førebu og gjennomføra samanslåinga - ha den råderetten som elles er lagd til dei tilsvarande organa i Mosterøy og Rennesøy kommunar.
5.Budsjett for den nye kommunen for 1965 skal det nyvalte kommunestyret vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.
6.Dei almenne vedtekter og føresegner som gjeld i dei noverande Mosterøy og Rennesøy kommunar skal halda fram å gjelda for vedkomande område av den nye kommunen til nye almenne vedtekter og føresegner vert gjevne.
7.Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova vert haldne i den nye kommunen av det nyvalte kommunestyret og av det nyvalte formannskapet og manntalsføraren. Dei som vert valde, skal gjera teneste til utgangen av 1967.
8.Kostnader i samband med gjennomføring av samaslåinga skal den kommunen som har hatt utgiftene, greia ut. Felleskostnader skal Rennesøy kommune forskottera.
9.Denne resolusjon tek til å gjelda straks.