Forskrift om sammenslåing av Tysvær, Avaldsnes, Skjold, Nedstrand, Vats, Vikeland, Sandeid og Imsland kommuner, Rogaland.

DatoFOR-1964-06-19-4
PublisertI 1964 s 934 II 1964 s 420
Ikrafttredelse01.01.1965
Sist endret
Endrer
Gjelder forTysvær, Avaldsnes, Skjold, Nedstrand, Vats, Vikedal, Sandeid og Imsland kommuner, Rogaland
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om kommunesammensl., Tysvær m.fl.

Fastsett ved kgl.res. 19. juni 1964. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Følgjande endringar i kommuneinndelinga i Rogaland fylke som vart vedtekne ved kgl.res. 1. november 1963, jfr. stortingsvedtak 27. april 1964 vert gjennomførde frå 1. januar 1965:
a.Tysvær kommune, skulekrinsane Gismarvik, Førre og Stegaberg av Avaldsnes kommune, søre delen av Skjold kommune (skulekrinsane Grinde, Dueland og Yrkje), Nedstrand kommune, gardane Breidal og Stølsvik av Vats kommune og gardane Hapnes og Dokskar av Vikedal kommune vert slegne saman til ein heradskommune (i denne resolusjonen kalla vestlege eininga).
b.Nordre delen av Skjold kommune (skulekrinsane Liarheim og Langeland), Vats kommune med unntak av gardane Breidal og Stølsvik på sørsida av Yrkjefjorden. Sandeid kommune, Vikedal kommune med unntak av gardane Hapnes og Dokskar, og Imsland kommune med unntak av området sør for Vindafjorden vert slegne saman til ein heradskommune (i denne resolusjonen kalla austlege eininga).
2.Kommunestyra i dei to nye kommunane skal i perioden 1. januar 1965 - 31. desember 1967 ha 33 (den vestlege eininga) og 29 (den austlege eininga) medlemmer.

Valting vert haldne måndag 28. september 1964. Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved desse høve rekna som om inndelingsendringane alt er gjennomførde.

Manntala vert førde av manntalsførarane ved siste kommunevalet, kvar for sitt distrikt, eller av den som vedkomande formannskap med samtykke frå fylkesmannen fastset, jfr. § 2 i kommunevallova. Valstyra vel manntalsnemnder, jfr. § 4, 2. ledd i kommunevallova.

Utlegging av manntala etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i dei nye kommunane som valstyra fastset.

Valstyret i den vestlege eininga skal vera samansett av formannskapsmedlemmene frå Tysvær, Nedstrand og søre Skjold og to representantar frå Stegaberg, Førre og Gismarvik av Avaldsnes. Valstyret i den austlege eininga skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur på området til den nye kommune. I begge valstyra er og vedkomande manntalsførarar medlemmer. Valstyra vert kalla saman av ordførarane i Vats og Tysvær.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

3.Fylkesmannen kallar inn dei nyvalde kommunestyra til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
4.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1965 - så langt det er naudsynleg for å førebu og gjennomføra inndelingsendringane - ha den råderetten som elles er lagd til dei tilsvarande organa i dei noverande kommunane.
5.Budsjett for dei nye kommunane for 1965 skal dei nyvalde kommunestyra vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.
6.Kommunestyret i den vestlege eininga skal ha fullmakt til å fastsetja med kva for sats innanfor ramma av skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt i den nye kommunen for 1965, utan omsyn til regelen i skattelova om at eigedomsskatt til eit herad ikkje for noko år kan setjast opp eller ned med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i dei noverande Tysvær, Avaldsnes, Nedstrand, Vats, Skjold, Sandeid, Vikedal og Imsland kommunar skal halda fram å gjelda for vedkomande område av dei nye kommunane til nye allmenne vedtekter for føresegner er gjevne.
8.Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova vert halde i dei nye kommunane av dei nyvalde kommunestyra og av dei nyvalde formannskapa og manntalsførarane. Dei som vert valde skal gjera teneste til utgangen av 1967.
9.Kostnader i samband med gjennomføring av inndelingsendringane skal den kommunen som har hatt utgiftene, greia ut. Felleskostnader skal Tysvær og Vats kommunar kvar for si eining, forskottera.
10.Denne resolusjonen tek til å gjelda staks.