Forskrift om sammenslåing av Bremanger og Davik kommuner, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1964-06-19-5
PublisertI 1964 s 936 II 1964 s 420
Ikrafttredelse01.01.1965
Sist endret
Endrer
Gjelder forBremanger og Davik kommuner, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om kommunesammensl., Bremanger m.fl.

Fastsett ved kgl.res. 19. juni 1964. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Samanslåinga av Bremanger kommune (unnateke eigedomane Husefest og Breivik) i Sogn og Fjordane fylke og den delen av Davik kommune som ligg på sørsida av Nordfjorden (medrekna øyområda med unntak av Husevågøy, Grindøy, Gansgsøy og Risøy) i same fylke - vedteken ved kgl.res. av 1. februar 1963, jfr. stortingsvedtak av 7. februar 1964 - vert gjennomførd frå 1. januar 1967.
2.Kommunestyret i den nye kommunen i perioden 1. januar 1965 - 31. desember 1967 skal ha 37 medlemer. Valting skal haldast måndag den 28. september 1964.

Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøystegjeving og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet for den nye kommunen ved valet i 1964 vert ført av dei som var manntalsførarar ved det siste kommunevalet, kvar for sin del av den nye kommunen - eller av dei som vert oppnemnde av det eiskilde formannskapet med samtykke frå fylkesmannen, jfr. § 2 i kommunevallova. Valstyret vel manntalsnemnd, jfr. § 4, andre leden, i kommunevallova.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadenen i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samansett av dei formannskapsmedlemene som bur på den nye kommunen sitt område og manntalsførarane, jfr. tredje leden. Det vert første gongen kalla saman av ordføraren i Bremanger.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

3.Fylkesmannan kallar det nyvalde kommunestyret i den nye kommunen saman til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
4.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. janauar 1965 så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføre samanslåinga, nytte mynde som ligg til dei tilsvarande fungerande organ i Brmanger og Davik kommunar.
5.Budsjettet for den nye kommunen for 1965 skal vedtakast av det nyvalde kommunstyret. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
6.Kommunestyret i den nye kommunen får fullmakt til å avgjere med kva for beløp innan ramma av skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt i den nye kommune frå 1. januar 1965, jfr. § 7 i skattelov for landet med endringar i lov av 16. juni 1961 nr. 3.
7.Dei allmenne vedtekter o.l. som gjeld i Bremanger og Davik kommunar, skal halde fram å gjelde for vedkomande område i den nye kommune til nye felles vedtekter og føresegner er gjevne.
8.Val etter §§ 57 og 75 i domsstollva, jfr. §§ 77 og 79, vert i den nye kommunen føreteke av det nyvalde kommunestyret og av det nyvalde formannskapet og manntalsførarane. Dei personane som vert valde, skal gjere teneste til utgangen av 1967.
9.Kostnader i samband med gjennomføring av samanslåinga skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader i samband med etableringa av den nye kommunen skal forskotterast av Bremanger kommune.
10.Denne resolusjonen tek til å gjelda straks.