Forskrift om grenseregulering, Bjerkreim, Høle, Forsand og Gjestal kommuner, Rogaland.

DatoFOR-1964-06-26-6
PublisertI 1964 s 956 II 1964 s 471
Ikrafttredelse01.01.1965
Sist endret
Endrer
Gjelder forBjerkreim, Høle, Forsand og Gjestal kommuner, Rogaland.
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om grensereg., Bjerkreim m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. av 26.juni 1964. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av mellombels lov 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Overføringa til Gjestal kommune i Rogaland fylke av område for kommunane Høle, Forsand og Bjerkreim i same fylke som vart vedteken ved kgl.res. av 17. april 1964, vert gjennomførd frå 1. januar 1965.

Overføringa gjeld:

a.Oltesvik krins (gnr. 1 bnr. 1-3, gnr. 2 bnr. 1-18 og gnr. 3 bnr. 1-18) av Høle kommune,
b.områda Frafjord, Dirdal, Byrkjedal, Øvre Maudal og Østabødal (gnr. 55-79) av Forsand kommune,
c.Nedre Maudal (gnr. 46 bnr. 1-22) av Bjerkreim kommune.
2.Namnet på den utvida kommunen vert fastsett til Gjesdal.
3.I perioden 1. januar 1965 - 31. desember 1967 skal kommunestyret i Gjesdal kommune ha 25 og kommunestyret i Forsand kommune 15 medlemmer.

Valtinget vert halde i båe kommunane måndag 28. september 1964. Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette høve rekna som om inndelingsendringa alt er gjennomførd.

Manntallet vert ført av lensmannen i Gjestal, lensmannen i Høle og Forsand og lensmannen i Bjerkreim, kvar for sitt distrikt, eller av den som vedkomande formannskap med samtykke av fylkesmannen fastset, jfr. § 2 i kommunevallova. Valstyret vel manntalsnemnd, jfr. § 4, 2. ledd i kommunevallova.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye Gjesdal og den reduserte Forsand kommune som valstyret fastset. Valstyret i den nye Gjesdal kommune skal vera samansatt av dei formannskapsmedlemmene som bur på området til den utvida kommunen. Det vert første gongen kalla saman av ordføraren i Gjestal.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen kallar inn dei nyvalde kommunestyra til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1965 - så langt det er naudsynleg for å førebu og gjennomføra inndelingsendringa - ha den råderetten som elles er lagd til dei tilsvarande organa i Gjestal, Høle, Forsand og Bjerkreim kommunar.
6.Budsjettet for Gjesdal og Forsand kommunar for 1965 skal dei nyvalde kommunestyra vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.
7.Kommunestyret i Gjesdal kommune skal ha fullmakt til å fastsetja kva for sats - innafor den ramma skattelova set - skal nyttast ved utskrivinga av eigedomsskatt til eit herad ikkje for noko år må setjast ned eller opp med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.
8.Val etter §§ 57 og 75, jfr. § 77 og 79 i domstollova vert haldne i Gjesdal og Forsand kommunar av dei nyvalde komunestyra og av dei nyvalde formannskapa og manntalsførarane. Dei som vert valde, skal gjera teneste til utgangen av 1967.
9.Kostnader i samband med inndelingsendringa skal den kommunen som har hatt utgiftene, greia ut. Felleskostnader skal Gjestal kommune forskottera.
10.Denne resolusjonen tek til å gjelda straks.