Forskrift om samanslåing av Davik, Hornindal og Eid kommunar, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1964-07-10-2
PublisertI 1964 s 986 II 1964 s 478
Ikrafttredelse01.01.1965
Sist endret
Endrer
Gjelder forDavik, Hornindal og Eid kommuner Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om kommunesammensl., Hornindal m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. av 10. juli 1965. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.Fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Sogn og Fjordane fylke vert gjennomførde frå 1. januar 1965:
a.Overføring av den delen av Davik kommune som ligg på nordsida av Nordfjorden austover frå og med Levdal, til Eid kommune, vedteken ved kgl.res. av 1. februar 1963, jfr. stortingsvedtak av 7. februar 1964, og
b.Overføring av den vestlege delen av Hornindal kommune (frå og med Navelsaker og Holmøyvik) til Eid kommune, vedteken ved kgl.res. av 1. februar 1963, jfr. stortingsvedtak av 15. mai 1964.
2.Namnet på den utvida kommunen vert fastsett til Eid.
3.Kommunestyret i den utvida Eid kommune i perioden 1. januar 1965 - 31. desember 1967 skal ha 29 medlemer. Valting skal haldast måndag den 28. september 1964.

Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om inndelingsendringane alt er gjennomførde.

Manntalet for den utvida Eid kommune ved valet i 1964 vert ført av dei som var manntalsførarar ved det siste kommunevalet, kvar for sin del av den utvida kommunen - eller av dei som vert oppnemnde av det einskilde formannskapet med samtykke frå fylkesmannen, jfr. § 2 i kommunevallova. Valstyret vel manntalsnemnd, jfr. § 4, andre leden, i kommunevallova.

Utlegging av manntal etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den utvida kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vere samansett av dei formannskapsmedlemene som bur på den utvida kommunen sitt område og manntalsførarane, jfr. tredje leden. Det vert første gongen kalla saman av ordføraren i Eid.

Valstyret skal lyse ut valdagen innan utgangen av juli månad.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.Fylkesmannen kallar det nyvalde kommunestyret i den utvida Eid kommunen saman til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1965 så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføre inndelingsendringane, nytte mynde som ligg til dei tilsvarande fungerande organa i Davik, Eid og Hornindal kommunar.
6.Budsjettet for den utvida Eid kommune for 1965 skal vedtakast av det nyvalde kommunestyret. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Kommunestyret i den utvida Eid kommune får fullmakt til å avgjere med kva for beløp innan ramma av skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt i den utvida kommunen frå 1. januar 1965 utan omsyn til føresegna i skattelova om at eigedomsskatt til herad ikkje for noko år kan setjast ned eller høgdast med meir enn kr. 0.50 pr. skyldmark.
8.Val etter §§ 57 og 75 i domsstollova, jfr. §§ 77 og 79, vert i den utvida Eid kommune føreteke av det nyvalde kommunestyret og av det nyvalde formannskapet og manntalsførarane. Dei personane som vert valde, skal gjere tenest til utgangen av 1967.
9.Kostnader i samband med gjennomføringa skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader i samband med inndelingsendringane skal forskotterast av Eid kommune.
10.Denne resolusjonen tek til å gjelde straks.