Forskrift om sammenslåing av kommunene Stryn, Innvik og deler av Hornindal og Gloppen, Sogn og fjordane.

DatoFOR-1964-07-10-3
PublisertI 1964 s 988 II 1964 s 478
Ikrafttredelse01.01.1965
Sist endret
Endrer
Gjelder forStryn, Innvik, Hornindal og Gloppen kommuner, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om kommunesammenslåing, Stryn m.fl.

Kapitteloversikt:

Fastsatt ved kgl.res. 10. juli 1964. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1.

Samanslåinga av Stryn og Innvik kommunar, den delen av Hornindal kommune som ligg austanfor Navelsaker og Holmøyvik, og Hoplandsgrenda av Gloppen kommune - alt i Sogn og Fjordane fylke - vedteken ved kgl.res. av 1. februar 1963, jfr. stortingsvedtak av 15. mai 1964 - vert gjenomførd frå 1. januar 1965.

2.

Kommunestyret i den nye kommunen i perioden 1. januar 1965 - 31. desember 1967 skal ha 37 medlemmer. Valting skal haldast måndag den 28. september 1964.

Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntalet for den nye kommunen ved valet i 1964 vert ført av dei som var manntalsførarar ved det siste kommunevalet, kvar for sin del av den nye kommunen - eller av dei som vert oppnemnde av det einskilde formanskapet med samtykke frå fylkesmannen, jfr. § 2 i kommunevallova. Valstyret vel manntalsnemnd, jfr. § 4, andre leden, i kommunevallova.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den nye kommunen sitt område, og manntalsførarane, jfr. tredje leden. Det vert første gongen kalla saman av ordføraren i Stryn.

Valstyret skal lyse ut valdagen innan utgangen av juli månad.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

3.

Fylkesmannen kallar det nyvalde kommunestyret i den nye kommunen saman til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.

4.

Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1965 så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføre samanslåinga, nytte mynde som ligg til dei tilsvarande fungerande organ i Stryn, Innvik, Hornindal og Gloppen kommunar.

5.

Budsjettet for den nye kommunen for 1965 skal vedtakast av det nyvalde kommunestyret. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsett i kommunelova.

6.

Kommunestyret i den nye kommunen får fullmakt til å avgjere med kva for beløp innan ramma av skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt i den nye kommunen frå 1. januar 1965 utan omsyn til føresegna i skattelova om at eigedomsskatt til herada ikkje for noko år kan setjast ned eller høgdast med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.

7.

Dei almenne vedtekter o.l. som gjeld i Stryn, Innvik, Hornindal og Gloppen kommunar skal halda fram å gjelde for vedkomande område i den nye kommunen til nye felles vedtekter og føresegner er gjevne.

8.

Val etter §§ 57 og 75 i domstollova, jfr. §§ 77 og 79, vert i den nye kommunen føreteke av det nyvalde kommunestyre og av det nyvalde formannskapet og manntalsførarane. Dei personane som vert valde, skal gjere tenest til utgangen av 1967.

9.

Kostnader i samband med gjennomføringa skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader i samband med etableringa av den nye kommunen skal forskotterast av Stryn kommune.

10.

Denne resolusjonen tek til å gjelde straks.