Forskrift om overføring av Kvikne kommune, Hedmark til Rennebu kommune, Sør-Trøndelag.

DatoFOR-1965-05-14-1
PublisertI 1965 s 905 II 1965 s 436
Ikrafttredelse14.05.1965
Sist endret
Endrer
Gjelder forKvikne kommune, Hedmark til Rennebu kommune, Sør-Trøndelag.
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommuneoverføring, Kvikne m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. av 14. mai 1965. 

1.

Overføringa av Innset sokn av Kvikne kommune i Hedmark fylke til Rennebu kommune i Sør-Trøndelag fylke som vart vedteken ved kgl.res. 26. februar 1965, jfr. stortingsvedtak 18. februar 1965 vert gjennomførd frå 1. januar 1966:

2.

Namnet på den utvida kommunen vert fastsett til Rennebu.

3.

Kommunestyret i den utvida Rennebu kommune skal i perioden 1. januar 1966-31. desember 1967 ha 21 medlemmer. Valting vert å halde måndag 27. september 1965. Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førhandsrøysting og klagerett, vert det ved dette høve rekna som om inndelingsendringa alt er gjennomførd.

Manntalet vert ført av lensmannen i Rennebu og lensmannen i Kvikne, kvar for sitt distrikt, eller av den som vedkomande formannskap med samtykke av fylkesmannen fastset, jfr. § 2 i kommunevallova. Valstyret vel manntalsnemnd, jfr. § 4, andre ledd, i kommunevallova.

Utlegging av manntalet etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i den utvida kommunen som valstyra fastset.

Valstyret skal vera sammensett av dei formannskapsmedlemmene som bur på området til den utvida Rennebu kommune, og manntalsføraran. Valstyret vert første gongen kalla saman av ordføraren i Rennebu.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag kallar inn det nyvalte kommunestyret til konstituerande møte så snart som mogleg etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.

5.

Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1966 så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføre inndelingsendringa, ha den råderetten som elles er lagd til dei tilsvarande organa i Rennebu og Kvikne kommunar.

6.

Budsjett for den utvida kommunen for 1966 skal det nyvalte kommunestyret vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.

7.

Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova vert haldne i den utvida kommunen av det nyvalte kommunestyra og av det nyvalte formannskapet og manntalsførarane.

8.

Kostnader i samband med inndelingsendringa skal Rennebu kommune greia ut.

9.

Denne resolusjonen tek til å gjelda straks.