Forskrift om grensefastsettelse, Aurland og Lærdal kommuner, Sogn og Fjordane, Hol kommune, Buskerud, Ulvik kommune, Hordaland.

DatoFOR-1965-08-20-3
PublisertII 1965 s 696
Ikrafttredelse20.08.1965
Sist endret
Endrer
Gjelder forAurland og Lærdal kommuner, Sogn og Fjordane, Hol kommune Buskerud og Ulvik kommune, Hordaland.
HjemmelSedvanerettslige regler
Kunngjort
KorttittelForskrift om grensefastsettelse, Aurland m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. av 20. august 1965. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

1.Grensa mellom Aurland kommune i Sogn og Fjordane fylke og Hol kommune i Buskerud fylke vert fastsett å gå frå Vargebre (1766) i nord-austleg retning over Skreppesteinsbotn til Bolhovd (1508), så i sør-austleg retning til det i Høgfjellskommisjonen sin kjennelse av 27. juli 1949 i 22. grensegangsfelt fastsette punkt 5 (1625 nordvest for Hestebotn), derifrå nord-austleg til Urdvassnuten (1771), så meir nordleg til høgdepunkt 1670 aust for Langevatn, derifrå nord-nordvestleg (nesten nord) til høgdepunkt 1503 aust for Kongshellervatn, og frå dette punktet i nord-vestleg retning til Vampenuten (1572 i Vampen). Herifrå går grensa nord-austleg etter rettlina Vampenuten - Flågrunnsvarden til det punktet der ho skjer rettlina frå Hundhus (1662) over høgdepunkt 1590 vest for Øljuvatn og der Lærdal kommune støter til.

Grensa går alle stader i rette liner mellom høgdepunkta.

Namn og høgdetal refererer seg til gradteigskarta D 32 vest - Aurlandsdalen og D 32 - Djup i målestokkane 1/50.000 og 1/100.000.

2.Grensa mellom Aurland og Lærdal kommunar i Sogn og Fjordane fylke vert fastsett å gå - i framhald frå den ved Kronprinsreg.res. av 30. juni 1955 fastsette grense - frå Store Liahovden (1763) sør-austleg til Hundhus (1622) og derifrå meir austleg over høgdepunkt 1590 vest for vesle Øljuvatn og vidare i same retning til det punktet der ho skjer rettlina Vampenuten (1527) - Flågrunnsvarden vest for velse Øljuvatn, og der Hol kommune i Buskerud fylke støyter til.

Grensa går i rette liner mellom punkta.

Namn og høgdetal refererer seg til gradteigskart D 32 vest - Aurlandsdalen i målestokk 1/100.000 og gradteigskart D 32 aust - Djup i måltestokkane 1/50.000 og 1/100.000.

3.Grensa mellom Lærdal kommune i Sogn og Fjordane fylke og Hol kommune i Buskerud fylke vert fastsett å gå frå skjeringspunktet (vest for vesle Øljuvatn) mellom rettlina Vampenuten (1527) - Flågrunnsvarden og rettlina Hundhus (1622) over høgdepunkt 1590, i nord-nordaustleg retning til Flågrunnsvarden.

Grensa går i rett line mellom punkta.

Namn og høgdetal refererer seg til gradteigskart D 32 aust - Djup i målestokkane 1/50.000 og 1/100.000.

4.Grensa mellom Ulvik kommune i Hordaland fylke og Hol kommune i Buskerud fylke vert fastsett å gå frå Vargebre (1766), der Aurland kommune i Sogn og Fjordane fylke støter til. Derifrå går grensa i sør-vestleg retning til Såta (1566) og herifrå i austleg retning til høgdepunkt 1712 sør-aust for Omnsvatn, derifrå sør-austleg til Kyrkjedørsnuten (1790).

Grensa går i rette liner mellom høgdepunkta.

Frå Kyrkjedørsnuten til høgste topp på Bergsmultind (1496) går grensa slik ho er fastsett ved kgl.res. av 5. juni 1931.

Namn og høgdetal refererer seg til gradteigskart D 32 vest - Aurlandsdalen i målestokkane 1/50.000 og 1/100.000, gradteigskart D 33 vest - Hardangerjøkulen i målestokk 1/100.000 og til kart over Hallingskarvet og Hardangerjøkulen m.m. i målestokk 1/100.000 (Høgfjellskommisjonen 1913).