Forskrift om grensefastsettelse, Lom kommune, Oppland, Luster kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1965-10-29-4
PublisertII 1965 s 774
Ikrafttredelse29.10.1965
Sist endret
Endrer
Gjelder forLom kommune, Oppland, Luster kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelSedvanerettslige regler
Kunngjort
KorttittelForskrift om grensefastsettelse, Lom m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. av 29. oktober 1965. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Grensa mellom Lom kommune i Oppland fylke og Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke tar til på sørvestre topp i Merrahøpartiet (1699) der Skjåk kommune i Oppland fylke støyter mot og går sør-sørvest til høgdepunktet (utan tal) nord for vestenden av Liabrevatn, derfrå sør-søraust til Kjerringhetta (1437), herfrå litt meir sørleg til Dyrhaug (1517), så i omlag same retning til der bilvegen over Sognefjell kryssar Medfjellselvi (namnet står ikkje på gradteigskartet), vidare søraustleg til høgdepunkt 1475 i Rundhaugan, herfrå litt meir austleg til det trigonometriske punkt på Gravdalstind (2115), så nordaustover til Stetind (2019), så søraustover til Stehø (1888), vidare i omlag same retning til det lågaste punktet i vasskilet på Høgvaglen, herfrå sør-søraust til høgdepunkt 1912 (talet står ikkje på gradteigskartet) på Høgvagletindan, vidare i omlag same retning til det lågaste punktet i vasskilet på Rauddalsbandet, herfrå litt meir austleg til høgdepunkt 2155 på Rauddalstindan, så sør-søraust til lågaste punkt i vasskilet i Rauddal og herfrå sørvestover etter rett-lina mot høgdepunkt utan høgdetal mellom nordenden av Sjogholsvatn og vasskilet i Øvre Mjølkedalen til denne rettlina treff den nordvestre utlauparen av Sjogholstind der Vang kommune i Oppland fylke støyter mot.

Grensa går overalt i beine liner mellom punkta. Stadnamn og høgdetal er tekne frå gradteigskarta i målestokken 1:100.000 D 29 aust, Skjåk D 30 aust, Sygnefjell og E 30 vest, Gjende og frå originalkarta over stroket.