Forskrift om omregulering av prestegjeld, Nordre Sunnmøre prosti, Austre Sunnmøre prosti, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1966-03-18-1
PublisertII 1966 s 92
Ikrafttredelse
Sist endret
Endrer
Gjelder forNordre Sunnmøre prosti, Austre Sunnmøre prosti, Bjørgvin bispedømme
Hjemmel
Kunngjort
KorttittelForskrift om prestegjeld på Sunnmøre

Fastsatt ved kgl.res. 18. mars 1966. Fremmet av Kirke- og undervisningsdepartementet. 

1.Frå den tid departementet fastset, blir det gjennomført følgjande omreguleringar av prestegjeld i Nordre Sunnmøre og Austre Sunnmøre prosti i Bjørgvin bispedømme:

Giske sokn i Borgund prestegjeld og Vigra sokn i Haram prestegjeld blir skilt ut for saman å utgjere eit nytt prestegjeld.

Langevåg sokn med tillegg av den delen av Borgund sokn som ligg på øya Sula, blir skilt ut frå Borgund prestegjeld som eit nytt prestegjeld.

Sykkylven sokn blir skilt ut frå Ørskog prestegjeld som eige prestegjeld.

Vatne sokn i Skodje prestegjeld med tillegg av fastlandsdelen av Haram sokn i Haram prestegjeld blir skilt ut til eit nytt prestegjeld.

Skodje sokn av Skodje prestegjeld og Stordal sokn av Stranda prestegjeld blir ført over til Ørskog prestegjeld.

Skodje sokneprestembete og kallskapellanstillingane i Borgund og Haram blir lagt ned.

2.Departementet får fullmakt til å fastsetje namn på dei nye prestegjelda og ta avgjerd om sokneinndelinga i dei nemnde områda.