Forskrift om sammenslåing av Birkenes, Åmli, Froland, Herefoss, Vegusdal, Tovdal og Mykland kommuner, Aust-Agder.

DatoFOR-1966-06-10-1
PublisertI 1966 s 727 II 1966 s 283
Ikrafttredelse10.06.1966
Sist endret
Endrer
Gjelder forBirkenes, Åmli, Froland, Herefoss, Vegusdal, Tovdal og Mykland kommuner, Aust-Agder
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om sammensl. av kommuner, Birkenes m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 10. juni 1966. 

1.

Fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Aust-Agder fylke - vedtekne ved kgl.res. 12. november 1965, jfr. stortingsvedtak 15. desember 1965 - vert gjennomførde frå 1. januar 1967:

a.Samanslåing av Birkenes, Herefoss og Vegusdal kommunar til ein heradskommune.
b.Samanslåing av Tovdal og Åmli kommunar til ein heradskommune.
c.Samanslåing av Mykland og Froland kommunar til ein heradskommune.
2.

Namna på dei under punkt 1 b og c nemnde nye kommunane vert fastsette til Åmli og Froland.

3.

I perioden 1. januar 1967 til 31. desember 1967 skal kommunestyret i den nye Birkeland kommune ha 27 medlemmer, kommunestyret i den nye Åmli kommune 21 medlemmer og kommunestyret i den nye Froland kommune 25 medlemmer.

Valting vert å halde måndag 19. september 1966. Når det gjeld røysterett, kven som er valføre, røystegjeving, føreåtrøystegjeving og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåingane alt er gjennomførde.

Manntala vert førde av dei som var manntalsførarar ved siste kommuneval, kvar for sitt distrikt, eller av den som vedkomande formannskap med samtykke av fylkesmannen fastset, jfr. § 2 i kommunevallova. Valstyra vel manntalsnemnder, jfr. § 4, andre leden, i kommunevallova.

Utlegging av manntala etter § 5 i kommunevallova skjer på dei stadene i dei nye kommunane som valstyra fastset.

Valstyra skal vera sammensette av dei formannskapsmedlemmene som bur på områda til dei nye kommunane og vedkomande manntalførara, jfr. tredje leden. Valstyra vert første gongen kalla saman av ordførarane i dei nåverande Birkenes, Froland og Åmli kommunar.

Valstyret lyser ut valdagen med eit varsel på minst 2 månader.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

4.

Fylkesmannen i Aust-Ager kallar inn dei nyvalde kommunestyra til konstituerande møte så snart som mogleg etter vala, jfr. § 7 i kommunelova.

5.

De nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1967 så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføre samanslåingane, ha den råderetten som elles er lagd til dei tilsvarande organa i dei nåverande kommunane.

6.

Budsjettet for dei nye kommunane for 1967 skal vedtakast av dei nyvalde kommunestyra. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som er fastsete i kommunelova.

7.

Dei allmenne vedtekter, føresegner o.l. som gjeld i dei nåverande kommunar, skal halde fram å gjelde for vedkommande område i dei nye kommunane til nye felles vedtekter og føresegner er gjevne.

8.

Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova vert haldne i dei nye kommunane av dei nyvalde kommunestyra og av dei nyvalde formannskapa og manntalsførarane. Dei som vert valde, skal gjere teneste til utgangen av 1967.

9.

Kommunestyra i dei nye Birkeland og Froland kommunar får fullmakt til å avgjere med kva for beløp innan ramma av skattelova det skal skrivast ut eigedomsskatt i dei respektive kommunane frå 1. januar 1967 utan omsyn til føresegna i skattelova om at eigedomsskatt til herad ikkje for noko år kan setjast ned eller høgdast med meir enn kr. 0,50 pr. skyldmark.

10.

Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåingane skal dekkjast av den kommunen som har hatt kostnadene. Felleskostnader for kvar einskild samanslåing skal forskotterast av dei nåverande Birkenes, Åmli og Froland kommunar.

11.

Denne resolusjonen tek til å gjelde straks.