Forskrift om sammenslåing av kommuner, Ålesund og Borgund kommuner, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1967-03-17-4
PublisertI 1967 s 637 II 1967 s 168
Ikrafttredelse01.01.1968
Sist endret
Endrer
Gjelder forÅlesund og Borgund kommuner, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om sammensl. av kommuner, Ålesund m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 17. mars 1967. 

Etter lov 21. desember 1956 om endring i kommunal inndeling vert fastsett:

1.Samanslåinga av Ålesund bykommune og Borgund heradskommune i Møre og Romsdal fylke, vedteken i kgl.res. 28. januar 1966.
2.Kommunestyret i den nye felleskommunen skal i perioden 1. januar 1968-31. desember 1971 ha 69 medlemmer.

Valting vert halde ved det ordinære kommunevalet hausten 1967. Når det gjeld røysterett, kven som kan veljast, røysting, førehandsrøysting og klagerett, vert det ved dette valet rekna som om samanslåinga alt er gjennomførd.

Manntallet vert ført av dei som var manntallsførarar ved siste kommunevalet, kvar for sitt distrikt, eller av den som vedkomande formannskap med samtykke av fylkesmannen fastset, jfr. § 2 i kommunevallova. Manntalet vert lagd ut etter § 5 i kommunevallova på dei stadane i den nye kommunen som valstyret fastset.

Valstyret skal vera samansett av formannskapsmedlemmene i Ålesun og Borgund og manntalsførarane. Valstyret vel sjølv formann og vert første gongen kalla saman av ordføraren i Ålesund.

Elles gjeld føresegnene i kommunevallova så langt dei høver.

3.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar inn det nyvalde kommunestyret til konstituerande møte snarast råd etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
4.Dei nyvalde kommunale organa skal før 1. januar 1968 - så langt det er nødvendig for å førebu og setja i verk samanslåinga - ha den råderetten som dei tilsvarande organa i dei noverande kommunane elles har.
5.Budsjettet for den nye kommunen for 1968 skal det nyvalde kommunestyret vedta. For denne budsjetthandsaminga gjeld ikkje dei fristane som kommunelova fastset.
6.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i Ålesund og Borgund kommunar skal halda fram å gjelda for vedkomande område i den nye kommunen til nye allmenne vedtekter er gjevne.
7.Kostnader i samband med gjennomføringa av samanslåinga skal den kommunen dekkja som har hatt kostnadene. Felleskostnader skal Ålesund kommune forskottera.
8.Denne resolusjon tek til å gjelda straks.