Forskrift om grensefastsettelse, Skjåk kommune, Oppland og Norddal og Stranda kommuner, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1967-06-30-2
PublisertII 1967 s 481
Ikrafttredelse30.06.1967
Sist endret
Endrer
Gjelder forSjåk kommune, Oppland, Norddal og Stranda kommuner, Møre og Romsdal
HjemmelSedvanerettslige regler
Kunngjort
KorttittelForskrift om grensefastsettelse, Skjåk m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 30. juni 1967. 

Grensa mellom Skjåk kommune i Oppland fylke på den eine sida og Norddal og Stranda kommunar i Møre og Romsdal fylke på den andre sida, vert fastsett slik at grensa går frå steinvarde på Oppbluseggen i grensa mot Stryn herad i Sogn og Fjordane fylke og går i retning nord til aust til den gamle fylkesgrensesteinen ved riksvegen under Stavbrekka og herifrå noko meir nordleg til kross i berg med varde på Stavbrekknova (Breidalseggen), går så nordvest til nordleg retning til kross i stor mørk stein som ligg omlag 60 m frå vestre ende av Kolbeinsvatnet.

Grensa går så i retning nordaust til aust over vatnet til elvas utløp av dette og følgjer vassdraget omlag 5 km til varde på tangen mellom søre og nordre Viavatn der ho svinger og går først til varde som står 3 m lenger aust, svinger så og går i retning aust til sør til kross i berg med røys på søre kanten av Langeggen. Her svinger grensa og går i austleg retning til røys på Reindalsreset der ho igjen svinger og går i nordaust til austleg retning til varden på nordenden av Heilstugueggen. Grensa svinger her og går i retning søraust til sør ca. 3.760 m langs Heilstugueggen til kross i berg med røys der ho svinger i aust til sørleg retning og går til røys på ei høgd vest for sørenden av Viksvatnet. Grensa svinger her og går mot nord-nordaust til kross i berg med røys i norvest hellingea av Krosshø. Her svinger grensa og går i nordaust til austleg retning til kross i berg med røys som står i Vassvendingen i Skrådalen. Her svinger grensa og går over ei rekkje grensemerker, først i retning nordvest til nord, så noko meir nordleg og så i nordvest til nordleg retning fram til kross i berg med varde ved nordenden av Grønvatnet. Grensa svinger så og går i nordaust til austleg retning til varden på høgste Torsnås der ho svinger og går vidare i nordaust til nordleg retning fram til varden på høgste Karitind der lina slutter i grensa mot Rauma, tidlegare Grytten kommune i Møre og Romsdal fylke.

Med unntak av strekninga frå elveutløpet av Kolbeinsvatnet til varder på tangen mellom søre og nordre Viavatn og strekninga frå røys i Vassvendingen i Skrådalen til varde ved nordenden av Grønvatnet går grensa overalt i beine liner mellom dei punkta som her er nemnde.

Namn, avstander og retningar i denne grenseskildringa er tekne frå den grenseoppskrivinga som vart levert fra Jordskiftedomaren i Gudbrandsdal etter at grensemerkinga som vart levert fra Jordskiftedomaren i Gudbrandsdal etter at grensemerkinga var avslutta i 1960, jfr. høgsterettsdom av 22. februar 1956 i sak mellom Skjåk bygdeallmenning og grunneigarar i Norddal og Sunnylven (Stranda) kommunar.