Forskrift om fastsetting av kommunegrenser, Hemsedal og Ål kommuner, Buskerud.

DatoFOR-1970-02-20-1
PublisertI 1970 s 290 II 1970 s 122
Ikrafttredelse20.02.1970
Sist endret
Endrer
Gjelder forHemsedal og Ål kommuner, Buskerud
HjemmelSedvanerettslige regler
Kunngjort
KorttittelForskrift om kommunegrenser, Hemsedal m.fl.

Fastsatt ved kgl.res. 20. februar 1970. Fremmet av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

Grensa mellom Hemsedal kommune og Ål kommune, begge i Buskerud fylke, tek til i grensa mot Gol kommune i stor grenserøys på Bellebuhøvda. Frå dette punktet går grensa nesten rett ca. 2.560 m i vest til nordleg retning der den vinklar og går ca. 1.400 m i rett line vest til nordleg retning til jordskifteverkets triangelpunkt på Volhovd. Her svingar grensa og går, idet den vinklar undervegs, i nordvestleg hovedretning fram til ein stor stein med kross på austre Grytingen. Grensa går så i rette liner, først i om lag vest til nordleg retning til røys på eit flatt berg nordaust på vestre Grytingen, derifrå i om lag nordvest til nordleg retning til røys på den sørvestre sida av Vesle-Såta og herifrå i om lag nordvestleg retning fram til Norges geografiske oppmålings varde i det trigonometriske punktet på toppen av Såta, 1.623 m.o.h. Frå Såta går grensa med om lag vest-sørvestleg retning mot Fålehøgda + inntil det punktet der denne rettlina treff midtlina i Versjøen. Grensa går så mot nordvest midt etter Versjøen fram til eit punkt som ligg om lag 600 m sør for utløpsoset. Her svingar grensa og går, idet den vinklar fleire gonger, først i vest-nordvestleg og seinare i nordvestleg retning fram til høgde 1.475 m.o.h. på Storbotnnut.

Kommunegrensa går vidare i rett line etter oppmerkt eigedomsgrense i om lag nordvest til vestleg retning fram til Lauvdøla, går så oppetter Lauvdøla sitt opphavlege hovedlaup til Flævatnet og vidare midt etter Flævatnet fram til eit punkt ut for den sørlegaste (nederste) røysa i eigedomsgrensa mellom Flæsætra i Ål og Halsosætra i Hemsedal. Grensa går så inn til den nemnde røysa, vidare i rett line og i nordleg retning etter oppmerkt eigedomsgrense mellom Halsosætra og Flæsætra så langt som desse eigedomane støyter saman, og går deretter i om lag nordvestleg retning fram til den søre enden av ei lita tjørn som ligg nordaust for Langebotntjørn. Grensa går så i rette liner etter sørgrensa for Mørkedalen sameige i Hemsedal, først 230 m i vest til nordleg retning, så om lag 380 m i nesten same retning, så 1.365 m i vest-nordvestleg retning og så om lag 3.515 m i vestleg retning fram til varden i det trigonometriske punktet på Storbotnskarvet, 1.719 m.o.h. Frå dette punktet går grensen i vest, litt nordleg retning ca. 4.140 m til røys på ein rygg aust for Hestebotntjørn, 1.676 m.o.h., og vidare ca. 6.750 m i om lag vest-nordvestleg retning fram til varden i NGO's trigonometriske punkt på Raudbergnuten, 1.818 m.o.h.

Bortsett frå dei namna som er merkte med kross, er alle namn, retningar og høgder i skildringa ovanfor tekne frå Norges geografiske oppmålings gradteigskart i M 1:100.000 og 1:50.000 over det aktuelle strøket.