Forskrift om deling av kommuner, Sula og Ålesund, Møre og Romsdal

DatoFOR-1976-07-09-12
PublisertII 1976 209
Ikrafttredelse09.07.1976
Sist endret
Endrer
Gjelder forSula og Ålesund kommuner, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskr. om deling av Sula og Ålesund kommuner

Fastsett ved kgl.res. av 9. juli 1976. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av lov av 21. desember 1956 om endring i kommunal inndeling vert betemt:

1.Fråskiljinga av øya Sula av Ålesund kommune i Møre og Romsdal fylke, som eigen kommune, vedteken ved kgl.res 27. februar 1976, jfr. Stortinget sitt vedtak 31. mai 1976, vert gjennomførd frå 1. januar 1977.
2.Namnet på den fråskilde kommunen skal vera Sula.
3.Kommunestyra i den nye Sula kommune og i attverande Ålesund kommune skal i perioden 1. januar 1977-31. desember 1979 ha i same følgd 29 og 61 medlemmer.

Valting vert halde måndag 11. oktober 1976. Ved dette valet vert Sula kommune alt rekna som fråskild.

Manntalet vert ført av noverande manntalsførar i Ålesund kommune, men særskilt for den nye Sula og attverande Ålesund kommune. Manntalet vert lagt ut på de stadene i dei nye kommunane som valstyra fastset, jfr. § 5 i kommunelova.

Valstyret for den nye Sula kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur på øya, supplert med 7 representantar valde blandt kommunestyremedlemmene frå dette området, og manntalsføraren.

Valstyret for attverande Ålesund kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur på dette området, og manntallsføraren.

Valstyret vel sjølv formann og vert første gongen kalla saman av ordføraren i Ålesund.

Ved valet gjeld elles reglane om kommunestyreval i lov 10. juli 1925 om kommunestyreval og fylkestingsval så langt dei høver - med følgjande unntak:

I § 3 andre og tredje ledd gjeld datoen 1. august i staden for 1. juni.

I § 3 fjerde ledd gjeld datoen 26. august i staden for dagen 2 månader før valet.

I § 5 andre ledd gjeld datoen 10. august i staden for 1. juni.

I § 15 andre ledd gjeld datoen 31. august i staden for 3 månader før valdagen.

§ 22 c gjeld berre dei kommunane der det skal haldast valting.

4.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar det nyvalde kommunestyre i den nye Sula kommune inn til konstituerande møte snarast råd etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organ skal før 1. januar 1977 så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføra fråskiljinga av Sula, ha mynde til å setja i verk tiltak som elles vert gjorde av dei tilsvarande fungerande organ i Ålesund kommune.
6.Budsjetta for den nye Sula kommune og for attverande Ålesund kommune for 1977 skal vedtakast av dei nyvalde kommunestyra. For denne handsaminga av budsjetta gjeld ikkje dei fristane som er fastestte i kommunelova.
7.Dei almenne vedtekter og føresegner som gjeld i noverande Ålesund kommune, skal framleis gjelda i den fråskilde Sula kommune til nye allmenne vedtekter for denne kommunen er gjevne.
8.Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova, vert haldne i den nye Sula kommune og i attverande Ålesund kommune i same følgd av dei nyvalde kommunestyra og av dei nyvalde formannskapa og manntalsføraren. Dei som vert valde skal gjera teneste til utgongen av 1979.
9.Denne resolusjonen trer i kraft straks.