Forskrift om deling av Ørskog, Skodje og Stordal kommuner, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1976-07-09-13
PublisertII 1976 s 207
Ikrafttredelse09.07.1976
Sist endret
Endrer
Gjelder forØrskog, Skodje og Stordal kommuner, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1956-12-21-3-§1
Kunngjort
KorttittelForskrift om deling av kommune, Ørskog m.fl.

Fastsett ved kgl.res. av 9. juli 1976. Fremja av Kommunal- og arbeidsdepartementet. 

I medhald av lov 21. desember 1956 om endring i kommunal inndeling vert bestemt:

1.Deling av Ørskog kommune i Møre og Romsdal fylke i dei tre tidlegare kommunane Skodje, Ørskog og Stordal, vedteken av Stortinget 31. mai 1976, vert gjennomførd frå 1. januar 1977.
2.Namna på dei nye kommunane skal vera Skodje, Ørskog og Stordal.
3.Kommunestyra i de nye Skodje, Ørskog og Stordal kommunar skal i perioden 1. januar 1977 - 31. desember 1979 ha i same følgd 21, 19 og 19 medlemmer.

Valgting vert halde måndag 11. oktober 1976. Ved dette valet vert kommunen alt rekna som delt.

Manntallet vert ført av noverande manntalsførar i Ørskog kommune, men særskilt for kvar av dei nye kommunane. Manntalet vert lagt ut på dei stadene i dei nye kommunane som valstyra fastset, jfr. § 5 i kommunevallova.

Valstyret for den nye Skodje kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur i Skodje-området, supplert med to medlemmer valde blant kommunestyremedlemmene frå dette området, og manntalsføraren.

Valstyret for den nye Ørskog kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur i Ørskog-området, supplert med to medlemmer valde blant kommunestyremedlemmene frå dette området, og manntalsføraren.

Valstyret for den nye Stordal kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmer som bur i Stordal-området, supplert med fire medlemmer valde blant kommunestyremedlemmene frå dette området, og manntalsføraren.

Valstyra vel sjølv formenn og vert første gongen kalla saman av ordføraren i Ørskog.

Ved valet gjeld elles reglane om kommunestyreval i lov 10. juli 1925 om kommunestyreval og fylkestingsval så langt dei høver - med følgjande unntak:

I § 3 andre og tredje ledd gjeld datoen 1. august i staden for 1. juli.

I § 3 fjerde ledd gjeld datoen 26. august i staden for dagen 2 månader før valet.

I § 5 andre ledd gjeld datoen 10. august i staden for 1. juni.

I § 15 andre ledd gjeld datoen 31. august i staden for 3 månader før valdagen.

§ 22 c gjeld berre dei kommunane der det skal haldast valting.

4.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar dei nyvalde kommunestyra i dei nye Skodje, Ørskog og Stordal kommunar inn til konstituerande møte snarast råd etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organ skal før 1. januar 1977, så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføra delinga av Ørskog kommune, ha mynde til å setja i verk tiltak som elles vert gjorde av dei tilsvarende fungerande organ i Ørskog kommune.
6.Budsjetta for dei nye kommunane for 1977 skal vedtakast av dei nyvalde kommunestyra. For denne handsaminga av budsjetta gjeld ikkje dei fristane som er fastette i kommunelova.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i noverande Ørskog kommune skal framleis gjelda i dei nye Skodje, Ørskog og Stordal kommunar til nye allmenne vedtekter for desse kommunane er gjevne.
8.Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova, vert haldne i dei nye kommunane i same følgd av dei nyvalde kommunestyra og av dei nyvalde formannskapa og manntalsføraren. Dei som vert valde, skal gjera teneste til utgongen av 1979.
9.Denne resolusjon trer i kraft straks.